Voss HK og FBK Voss har sidan 2018 samarbeida om å gi førsteklassingane eit felles tilbod om ballspel ein gong i veka for skulane Vangen, Gjernes og Gullfjordingen. Skuleåret vert delt inn i ein fotballsesong og ein handballsesong. Fram til haustferien spelar borna fotball ute, etter haustferien og fram til påske spelar dei handball inne. Treningstidene og den sosiale gruppa er den same, den einaste forskjellen er treningstad og ballaktivitet. Det betyr kjekk balleik, gode vener og meir meistring heile året.

Fotballtreningane er onsdagar 16.45 – 17.45
Handballtreningane  er på onsdagar kl. 17-18 på Voss gymnas og i Voss idrettshall.

Uansett om ein veit om ein vil starte med fotball eller handball no i haust eller vente til våren, eller om ein er usikker på om ein i det heile vil delta, kom på vårt felles informasjonsmøte. Då får me moglegheita til å informere dykk om vårt tilbod!.  Påmeldinga kan og nyttast for dei som berre vil spele handball eller fotball. Vel møtt!

For å melde på bornet, nytt denne lenka her:  Ballspel for førsteklassingar 2023

Informasjonsmøte onsdag 30. august kl. 18-20 i det nye idrettshuset

FBK Voss og Voss HK vil ha eitt felles informasjonsmøte for føresette onsdag 30. august i det nye idrettshuset.

Kl. 18-19 Gutar 2017

kl. 19-20 Jenter 2017

Vel møtt!

Oppstart for handball – for alle!

Handballen for førsteklassingane startar opp etter haustferien. Ettersom Voss HK dekkar alle skulane på Voss, blir dei andre skulane invitert til å melde seg på handball i ei eigen annonsering på nettsidane våre og i avisa Hordaland. Det vert organisert eit felles informasjonsmøte for føresette for oppstart av handball uka før haustferien. Dei som ønsker å melde seg på handball kan nytte påmeldingsskjema “Ballspel for førsteklassingar 2023”  sjølv om dei ikkje går på Vangen, Gulfjordungen eller Gjernes skule. Kryss då av for alternativet “Berre handball” i påmeldinga.

Informasjonsmøte oppstart handball måndag 2. oktober kl. 18-20 i Voss idrettshall

Voss HK har eitt eige informasjonsmøte for føresette måndag 2. oktober i Voss idrettshall i forkant av oppstart av treningar etter hausteferien og ber alle med born fødd 2017  som vil spele handball møte på dette.

Kl. 18-19 – Gutar 2017

Kl. 19-20 Jenter 2017

Vel møtt!