Frå det året spelaren fyllar 13 år skal han/ho ha spelarlisens. Dette er ei obligatorisk forsikringsordning for alle handballspelarar som betalast i Min idrett. Alle føresette med born over 13 år må laga seg ein brukar i dette systemet.

For å kunne spela kampar, må spelaren ha betalt lisens. Lagleiar må sjå til at heile laget har dette i orden. Dette kan du sjå ved å logge inn med brukarnamn og passord frå “Min idrett” på Turneringsadmin, eller du kan nytta oversikta i appen “Min handball”. Dersom føresette ikkje finn rekninga, ta kontakt med klubben.

Dersom nokon av spelarane ikkje har økonomisk mogelegheit til å løyse lisens, ta kontakt med styret i Voss HK. Klubben har støtteordningar for dette.