Voss Handballklubb og Park Hotel Vossevangen inviterer til ein sosial sesongavslutningsscup for håndballsesongen 21/22!

Meld på lag her: Påmelding Park Hotel Cup

( Med quiz fredag og bankett på laurdagskvelden ! )

Dette er ei turnering for lag frå 3 divisjon og nedover i seriesystemet.

Turneringa er tilslutta Norges Håndballforbund og spelast etter NHF’s reglement.

 

Dette er den niande turneringa for seniorlag me arrangerar i nyare tid.

Grunna den spesielle koronatida som no er på hell så ynskjer me å treffa att gode og nye handballvener som ein flott avlutning på den merkelege håndballsesongen me no har vore gjennom.

 

Alle kampar vert arrangert i Voss Idrettshall og overnatting skjer på Park Hotel Vossevangen, som er i gangavstand frå hallen. Meir info på www.parkvoss.no.

 

Spelesystem:

Det er lagt opp til spel for 8 dame- og 6 herrelag og kampane vert spela med 2 omgangar à 15 minutt. Dersom det er færre påmeldte lag eller om responsen er enorm kan speletida bli endra.

Damelag: to puljer à 4 lag med seriesystem.

  1. & 2. plass i pulja går vidare til semifinalar, bronsefinale og finale.
  2. & 4. plass spelar plasseringskampar i sluttspel.

 

Herrelag: enkel serie og sluttspel med plasseringskamp, semifinalar og finale.

 

Program og kampoppsett vil bli sendt pr. mail seinast ei veke før turneringsstart. Kampane startar fredag ettermiddag, seinast klokka 17.00 og er ferdige fredag rundt kl 21.30. Laurdag går kampar frå kl 09.00 og me er seinast ferdige kl 18.00. Kampar sundag går frå kl 10.00 og me avsluttar seinast kl 16.00. Me arrangerar og felles quiz fredag kveld, lokalisasjon avheng av kor mange deltakarar det blir, dette kjem me tilbake til. Bankett blir laurdag kveld ca kl 19.30 med 3 rettars middag og ulike kåringar J

 

 

Premiering:

Dame: Vandrepremie og lagpremie til 1 plass,  lagpremie til 2. og 3. plass.

Herre: Vandrepremie og lagpremie til 1. plass, lagpremie til 2. og 3. plass.

Kåring av turneringa sin toppskårar i begge klassar.

 

Prisar:

Turneringsavgift per lag: kr 3000,-

 

Påmeldingsfrist: 01.04.2022 ved påmelding i eigen link til profixio. Denne vert aktivert på heimesida vår snarast og publisert ut på cupsida på facebook. Søk om å bli medlem i gruppa: Park Hotel Cup.

Når turneringsavgifta er betalt og registrert på vår konto blir dette bekrefta i eigen mail til lagleiar/lagkontakt.

Deltakarkort: kr 2300,- pr. spelar, betalast innan 20 april.

Inkludert i deltakarkortet er: Deltaking i cup, to overnattingar på Park Hotel inkludert frukost. Buffét fredag og Bankett med 3 rettars middag laurdag kveld.


Leiarkort:
2000,-

Dette inkluderar: to overnattingar på Park Hotel inkludert frukost. Buffét fredag og Bankett med 3 rettars middag laurdag kveld. Me ser oss nøydde til å avgrensa antal leiarar til maksimalt to stk pr lag.

 

Dersom me må avlysa turneringa grunna sentrale retningslinjer vert alle innbetalingar refunderte!

 

Velkomne til ei uforgløymeleg handballhelg på vene VOSS!!

 

 

Park hotel cup kontakt: Monica Bakketun

Mobil: 957 50 039

E-post: b_monica@hotmail.com og parkhotelcup@gmail.com