Invitasjon til Voss Handballcup 2025

Velkommen til ei kjekk cuphelg på Voss!  

Voss handballcup finner sted 25 – 27 april 2025. Påmelding åpner 13. januar 2025 og stenger 1. mars, frist for betaling er 10. mars.

For påmelding til klikk her

Arena
Kampane for dei eldste klassane vert spela i Voss Idrottshall eller Voss Gymnas, midt i Voss sentrum, frå fredag til sundag. Fyrste kamp i begge hallane er fredag kl 1630, og dei siste kampane vert ca kl 16 på sundag. Oppstart om morgonane og avslutning på kvelden vert bestemt når me veit kor mange lag som melder seg på. Sjå reglane for meir informasjon.

 

Klasseinndeling (klassar for sesongen 24-25)

Grunna stor pågang tidlegare år, har me sett ei grensa på 2 lag pr klubb pr årsklasse. Dette er fordi me er ein liten cup, og deltakande klubbar har meldt at de ynskjer å ha fleire kamper mot andre klubber. Kvart lag må også melda på minst 1 innbytar pr lag.

Klasse 9år – jenter/gutar Fødd etter 1.1.15    – 4. klasse
Klasse 10år – jenter/ gutar Fødd etter 1.1.14 – 5. klasse
Klasse 11år- jenter/ gutar Fødd etter 1.1.13 – 6.klasse
Klasse 12år- jenter/ gutar Fødd etter 1.1.12 – 7.klasse

 

Premiering
Alle årsklassar: deltakarpremie. Det vert ikkje sluttspel sidan me berre har klassar som spelar barnehandball.

Spelesystem
Sjå reglar for cupen.

Overnatting
Me tilbyr overnatting på Voss ungdomsskule eller Voss Gymnas. Dersom de ynskjer alternativ overnatting, og overnatting til andre som vert med til Voss kan de gjerne nytta denne nettsida for booking: www.visitvoss.no

 

Vossabadet

Me tilbyr 1 tur gratis bading i Vossabadet i cup-helga. Vossabadet krev at det er 1 vaksen pr 3 barn, desse vaksne går inn gratis. Dei «gratis vaksne» må ha på badeklede og vera i bassenget. Dei vaksne har ansvar for at deira gruppa dusjar nakne før bading, er effektive i garderoben og held badetida, slik at alle får nytta si badetid. Dersom det er fleire vaksne som vil vera med og bada, må dei betala vanleg pris ved inngang. Laget har sjølv ansvar for å stilla med nok vaksne. Spelarar som er fylt 12 år, og kan symja, kan bada aleine. Bading må bestillast i Profixio på førehand slik at me sikrar badetid til alle.

 

Badereglar frå Vossbadet finn de her: Vossabadet Baderegler | Trygg og Hyggelig Svømmeopplevelse

Deltakarkort
A-kortet (kr. 600,- for spelarar og 400,- for rabattert kort til 1 lagleiar pr lag) inneheld middag laurdagen, premiar, diskotek laurdagskvelden og ein gratis tur i Vossabadet rett ved hallen.

B-kortet (kr. 1050,- for spelarar og 800,- for rabatterte kort til 2 lagleiarar) inneheld det same som A-kortet, men i tillegg inkluderar dette overnatting på skule, samt frukost laurdag og sundag. NB! Oppmøte og registrering i Voss idrottshall fra kl. 15.30 fredagen.

 

Lag som vil ha A kort har 1 rabattert lagleiarkort pr. lag, i Profixio heiter dette kortet A-lagleiar

Lag som vil ha B kort får 2 rabatterte lagleiarkort pr.lag, i Profixio heiter dette kortet B-lagleiar

Dersom lag med B kort ynskjer fleire vaksne må desse kjøpa kort med overnatting, desse heiter C-kort i Profixio, pris her er det same som B-kort for spelarar.

2 fristar du må hugsa på:

  1. Påmeldingsfristen er 01.03.2025 eller når Cup’en er fullteikna.
  2. Bestillingsfrist for deltakarkort/tjenester i Profixio samt betaling for dette er 10.03.2025.

 

Påmeldingsavgifta er kr. 1150,- pr. lag. Påmeldinga er gyldig når påmeldingsavgifta er betalt via Profixio. ALL BETALING GÅR VIA PROFIXIO, sjå link på www.vosshk. og arkfana Voss HandballCup.

Lag som trekker seg/ikkje fullfører turneringa får ikkje denne summen refundert.

Me har sett grensa på tal lag i alle aldersklassane, slik at me prøver å få ei jamn fordeling mellom klassane. Dersom ditt lag hamnar på ventelista, vil me sjå på fordelinga etter 1. mars, for å sjå om det likevel er plass.

Påmelding opnar 13.01.2025, sjå meir info på Vosshk.no når det nærmar seg.

Dersom de har spørsmål om cupen kan det sendast e-post til vhc@vosshk.no

Kampoppsett
Kampoppsettet vil vera klart før påske og vert lagt ut i Profixio

All informasjon (også reglar) finn de på heimesida vår. www.vosshk.no

VELKOMNE TIL VOSS!

 

 

 

VELKOMMEN TIL VOSS!