Lagleiarane si hovudoppgåve er å ta ansvar for organisering av møte og informasjonsdeling. Mange lag vel å dela opp oppgåvene i postar som «dugnadsansvarleg», «sosialt ansvarleg» og lagleiar. Nokre lag har to lagleiarar som deler på oppgåvene.
Hovudoppgåva til lagleiar er å fordela oppgåver i gruppa slik at laget har god støtte rundt seg. Dei andre foreldra må bidra til å løysa oppgåvene rundt laget.
Som lagleiar har ein eit ansvar å vidareformidla informasjon frå handballklubben. Det betyr at ein må delta på lagleiarmøter som klubben organiserer og at ein jamleg må sjekka klubben si interne Facebookside og Messenger-gruppe.
Klubben tilrår alle lag å nytta Facebook-sida til laget og Spond-appen for å kommunisera med spelarar og foreldre. For meir informasjon om Spond, kontakt sportsleg leiar for ungdomshandballen Bodil Reime Sørlie.
Årshjul for lagleiarar
Sesongstart: August/ september
• Omberamma kampar som er sett opp på tider som ikkje passar før 1. september (sjå ressurssida for lagleiarar «Omberamming av kampar» på vosshk.no)
• Halda møte med trenarar for å planleggja sesongen
• Alle lag skal ha foreldremøte/spelarmøte for laget ved sesongstart. Lagleiar organiserer dette.
• Ajourføra spelarlister med namn, fødselsdato, adresse, e-post og tlf.
• For lag frå 13 år og eldre: Informera om lisens til laget, betalingsfrist 1. september. For meir informasjon om lisens, sjå ressursida for lagleiarar på vosshk.no
• Levera oppdatert spelarliste til styret på: voss@rvn.handball.no ved sesongstart og når endringar skjer i laget.
Desember
• Organisera juleavslutning for laget saman med trenar/ar.
Januar
• Lagleiar skal skriva ei lagmelding/rapport om laget si utvikling som bidrag til Voss HK sin årsrapport
Sesongslutt: Mars/april
• Organisera foreldremøte med trenar for laget for å få oversikt over kven som ønskjer å halda fram, kva treningstider ein ønskjer, overlevera lagleiarverv dersom ein ikkje har høve til å fortsetja og få vita om trenar vil halda fram med laget til neste sesong.
• Melda til klubben om ønskte treningstider og oppmelding til serie.
• Melda frå om laget er for få til å stilla lag
• Organisera sosial samling ved avslutning av sesong saman med trenar/ar.
Mai/Juni
• Saman med trenar: sjekka kampoppsettet for haustsesongen og melda inn ønskte endringar til klubben
Undervegs i sesongen
Informasjonsoppgåver
• Vera eit bindeledd mellom laget og Voss HK sitt styre
• Gje beskjed når spelarar sluttar og byrjar (voss@rvn.handball.no)
• Hjelpa trenar med informasjon til spelarar og foreldre, for eksempel oversikt over
treningstider, kampar, reiser, cupar og liknande.
• Informera idrettshallen om timar som laget ikkje skal nytta i god tid, slik at klubben slepp å betala pengar for tom hall.
• Informera om klubben si avtale med aktuell sportsbutikk: 20% på Sport 1 (Amfi) på handballutstyr gjennom klubben.
• Informera om klubben sine støtteordningar for spelarar frå låginntektsfamiliar.
Omberamming av kampar
• Dersom laget ikkje kan spela kamp på bestemte datoar, må laget ta kontakt med motstandarlag og avtala ny dato for gjennomføring av kamp.
• Endringar må meldast inn på TurneringsAdmin SEINAST 10 dagar før kamp, elles blir ikkje omberamminga gjennomført. Brukarnamn og passord blir tildelt. Sjå Omberamming av kampar for meir informasjon.
• Dersom eit lag ikkje møter til kamp må laget sjølv dekkja inn denne kostnaden for klubben.
Organisering
• Organisera foreldrevakt/hjelp på treningar ved behov.
• Organisera køyring, dvs. opprettea køyrelister til bortekampar. Her er det viktig at alle foreldre bidreg i like stor grad i løpet av sesongen. Det enklaste er å innføra innbyrdes byting som foreldra ordnar sjølv.
• I samråd med trenar kalla inn til naudsynte møter (spelarmøte, møte med foreldre/føresette) mellom anna for å sikra god kommunikasjon, sikra god sosial og sportsleg utvikling for laget.
• Setja opp dugnadsliste for foreldre/spelarar for Voss handballcup i slutten av april.
• Hjelpa til med påmelding til turneringar i samarbeid med trenar. Organisera turar til turneringar i samarbeid med spelarar, foreldre og trenar.
Materiell
• I samarbeid med trenar forvalta laget sitt utstyr, t.d.: drakter, ballar og overtrekksvestar. Organisera vask av vestar minimum ein gong i månaden.
• Samla inn drakter etter kvar kamp og stilla på neste kamp med reint draktsett. Nokre lag vel at spelarane sjølve har ansvar for drakta.
• Forvalta medisinskrin, om ikkje trenaren tek denne oppgåva sjølv.
Innhald i medisinskrin; Isposar, tape, støttebandasje, saks, pumpe og plaster. Kontakt materialforvaltar for påfyll/innkjøp.
Økonomi
• Innkrevjing av medlemskontingent samt treningsavgift innan avtalte fristar. Her sender kasserar ut rekning på e-post til kvar enkelt spelar. Men dersom nokon ikkje betalar vil lagleiar få liste på e-post slik at ein sender påminning til foreldra til dei det gjeld. Ein måte å gjera dette på er leggja ut lista med dei som har betalt slik at foreldra får ei påminning.
Lukke til med oppdraget!