VELKOMEN TIL JULEMORO 5. DESEMBER FOR REKRUTTLAG FRÅ 1-4 KLASSE kl. 17-19.

På onsdag denne veka samlar me klubben sine yngste spelarar til ein liten julerunde med minihandball i Voss idrettshall. Me ber Dykk møte opp kl. 16.45, slik at me får oversikta over kor mange spelarar laga har. Ungane vil bli servert mandarinar og peparkaker mellom kampane. Og det er lov å ha på seg nisseluer! Dei vaksne har ansvar for å sjå kor tid det passar for ungane å ete peparkaker i høve til kamp-programmet. Det blir sal av kaffi og kakar for dei vaksne. Alle borna skal få spele to kampar kvar, og varar i 10 minuttar. Fokuset er å ha det moro ilag! Me heier på og ser på alle Vossalaga!

Vel møtt!

Turnering:

Jenter 6 = 3 lag , Gutar 6 = 4 lag, Gutar 7 = 3 lag

Jenter 8 = 2 lag, Jenter 9 = 2 lag, Gutar 9 = 2 lag

Mini-handball; 4 spelarar på kvart lag. Keeper fylgjer med fram i angrep. Ikkje avkast på midten, keeper startar med utkast.

Bane fordeling slik ein ser det frå tribuna. Så gutar 6 og 7 spelar på bana mot inngang, dei andre mot kunstgras.

Bane mot kunstgras Bane mot inngang
J6a – J6b G6a – G6b
J6c – J6a G6c – G6d
J6b – J6c G6b – G6d
J9a – J9b G6a – G6c
J8a – J8b G7a – G7b
G9a– G9b G7c – G7a
J8a – J8b G7b – G7c
J9 – G9 Heil bane, som avslutning!
Kategorier: Ingen