Informasjon til føresette / nye spelarar

Velkomen til Voss Handballklubb

Det er viktig at du les informasjonen nedanfor.  Her får du ei oversikt over det du treng å vita om medlemskap i klubben, kva det kostar å spela handball, kva ein treng av utstyr og viktige informasjonskjelder om handballkampar o.a.

Kontaktinfo til styret i Voss HK og andre tillitsverv i klubben finn du i toppmenyen under «Om».

Klubben blir drive på frivilleg basis. Alt som går føre seg i handballmiljøet vert drive fram av klubben sine medlemmar, føresette og støttespelarar.

Me håpar du vil vera med å laga eit godt handballmiljø på Voss i lag med oss!

 

1. Facebook og heimeside

Lik sida til Voss handballklubb! Klubben har eiga facebookside https://www.facebook.com/vosshk
Det blir lagt ut informasjon, bilete, påminningar m.m.

Kvart lag har ei spondgruppe til informasjon frå lagleiarar/trenarar til foreldre/spelarar.

For å få mest mogleg informasjon må de passa på å bli medlem av denne gruppa.
Snakk med trenar eller lagleiar på laget.

Gjør deg kjend med heimesida til klubben www.vosshk.no.
Her finn de oppdatert informasjon om klubben, styret, Voss handballcup, lag, lagleiarar, trenarar, medlemskap, støttemedlemskap, resultat-tabell og annan nødvendig informasjon frå forbundet generelt.

 

2. Min Idrett-app (medlemsregister) og Min Håndball-app (kamp- og spelaroversikt)

Min Idrett – sjekk ut https://minidrett.nif.no

Alle spelarar skal betala medlemskontingent som består av ei treningsavgift og ein medlemskontingent.

Frå Min Idrett kan du betala for lisensar, tevlingar, arrangement og kurs, samt skriva ut lisenskort.

Her kan foreldre få ei samla oversikt over medlemskapet til barnet og gjera påmelding og betaling på ein og same stad. Me ber føresette om å laga ein brukar i Min idrett:

Slik lagar du ein brukar i Min idrett

Appen Min Håndball kan lastast ned på Google Play eller AppStore.
Her kan du følgja ditt eige lag, få varsel om kampar og kampendringar, resultat og varsel om dagens kampar.
Du kan også melda skade via portalen til Gjensidige.

Min Håndball på Google Play

Min Håndball på Appstore

 

3. Utstyr

Under trening og kamp må det brukast innesko til eigna bruk i idrettshall. Skoa skal ikkje ha mørke sålar, bruk gjerne handballsko.

 

Me oppmodar om at spelarane har med eigen ball på trening. Rekruttane treng ikke eigen ball. Hugs å merka ballen med spelaren sitt namn.

Klubbdrakt til kampar får spelarane låna av Voss handballklubb. Spelaren må sjølv halda seg med shorts/ treningsbukse under kamp.

 

4. Inntektskjelder til klubben og lag.

Treningsavgift, sponsorar, tippemidlar, Voss Handballcup (VHC), støttemedlemskap og dugnadsarbeid

Dugnadar

Voss HK har 1 fast cup i året. Det er Voss Handball Cup for barn (VHC). VHC er klubben si viktigaste inntektskjelde. Det er dette som gjer at prisane på medlemskap (og treningsavgifter) kan haldast på eit lågt nivå i klubben.

Alle foreldre og føresette som har born med i Voss HK må difor delta på dugnadsvakt i regi av Voss Handball Cup.

Cupstyret har hovudansvaret for å delegera vidare til lagleiarar å setja opp dugnadslister for foreldra på laga. Cupen finn stad på våren ei helg i april. Dato for cup-helga blir informert om ved sesongstart. Alle foreldre må tileigna seg informasjon om cupen på eit tidleg tidspunkt i sesongen. Om ein ikkje kan delta på dugnad under cuphelga må ein sjølv skaffa erstattar t.d. eldre sysken, besteforeldre, tanter og onklar, vener og kjende. 🙂

Utover dette kan det einskilde lag organisera / ta på seg, eigne dugnadar til inntekt for sitt eige lag, for å kunne reisa på andre cupar eller arrangera noko kjekt sosialt for laget.

Klubben har ei støtteordning for familier som har vanskar med å betala medlemsavgifter, lisens- og treningsavgifter for borna. Dersom du har behov for støtte, ta kontakt med lagleiar på laget ditt som kan formidla behovet vidare til oss, eller send ein e-post direkte til klubben på; voss@rvn.handball.no

 

Satsar for medlemskap og treningsavgift 

Medlemskontingent Årskostnad kr
Medlem 400,-
Støttemedlem 400,-
Medlem med verv i klubben                              50,-

 

Treningsavgift, i tillegg til medlemskap. Treningsavgift er sett til kr. 0,- i  i perioden Voss herad testar ut gratis halleige.

Aldersgruppe

 

 

Under 10 år (minihandball) 0,-
10 – 11 år 0,-
12 år 600,-
13 år 600,-
14 år 725,-
15 år 775,-
16 – 17 år 775,-
Over 18 år 1225,-

– Støttemedlemskap

Me oppmodar dykk om å kjøpa støttemedlemskap i klubben. Dette gjev gratis inngang til alle

heimearrangement i klubben, samt gode tilbod hjå klubben sine samarbeidspartnarar.

Samarbeidspartnarar: Sjekk klubben si heimeside.

 

– Grasrotandel , Norsk Tipping AS.

Set gjerne din grasrotmottakar til Voss Handballklubb.

https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/VossHK

 

5. Treningsvettreglar og foreldrevettregler

Sett dykk godt inn i klubben sine reglar for spelarar og foreldre!

Treningsvettregler

  • På trening og kamp SKAL håret vera i strikk. Smykker, øyredobbar, hårklemmer, og klokker skal av.
  • Ha med nødvendig utstyr som handball og handballsko.
  • Ver ein god ven, ver mot andre slik du ynskjer at andre skal vera mot deg.😊
  • Vera i ro med ball, kropp og munn når trenaren skal forklara noko.
  • Hald plassen din i køen, sniking er forbode.
  • Felles drikkepausar.
  • Alle hjelper til med å samla ballar, kjegler eller vestar.
  • Ved brot på treningsvettreglar, skjer følgjande:
    • Ein får fyrst ei åtvaring.
    • Ved brot på reglar for andre gong er treninga ferdig for vedkomande.
    • På neste trening må foreldra til den det gjeld vera tilstades mens treninga pågår.

Foreldrevettreglar

  1. Møt opp til kamp. Borna ynskjer det.
  2. Oppmuntra alle spelarane under kampen. Ikkje berre eigne born.
  3. Oppmuntring både i medgang og motgang – ikkje gje kritikk.
  4. Ikkje prøv å påverka borna under kamp.
  5. Ikkje kritiser dommaravgjerdsler. Sjå på dommaren som ein rettleiar.
  6. Lær borna å tola både siger og tap.
  7. Oppmuntra, ikkje press borna til å delta.
  8. Respekter trenar sin bruk av spelarar.
  9. Spør om kampen var morosam og spennande. Ikkje fokuser på resultatet.
  10. Sørg for riktig og fornuftig utstyr.
  11. Respekter arbeidet klubben gjer. Tilby di hjelp.
  12. Det er barnet ditt som spelar handball – ikkje du.
  13. Det viktigaste: At barnet ditt trivst og har det moro saman med vener.
6. Klubbhandbok

Klubbhandboka finn de på lenkja under.

Me oppmodar dykk til å lesa heile klubbhandboka for å tileigna dykk mest mogleg nyttig informasjon om klubben.

Klubbhandbok per. 08.01.2020

Visjonen til Voss Handballklubb vil byggja på at klubben er ein lagidrett med breidde, humor, openheit, grundig og riktig grunntrening. Kjekke turar og positivt fellesskap.
For at me skal lukkast i å skapa eit godt miljø og eit positivt fellesskap er det viktig at du/dykk som føresette til spelarane i klubben set dykk godt inn i kva klubben kan tilby og kva klubben forventar av spelarar og foreldre.

For å starta å spela på eit av laga våre, sjå toppmenyen på sida vår med nedtrekkgardin  «Lag». Vel riktig aldersgruppe og du vil koma til ei side med kontaktinformasjon til trenarar og lagleiarar, og treningstider. Ta kontakt med lagleiar og trenar for å avtala når du eller bornet ditt kan starta å trena med laget.