Instruks for lagleiar
Kjære lagleiar / foreldrekontakt.

Velkommen som lagleiar i Voss handballklubb Styret i handballgruppa set stor pris på at du har tatt på deg ansvaret som lagleiar.

Trenarane og styret er avhengig av ei positiv og støttande foreldregruppa. Utan eit godt samarbeid frå foreldregruppa vert det ikkje mogleg å gje våre born og unge eit godt sportsleg tilbod og trygge rammer.

Eit av handballklubben sine siktemål er å framstå på ein ryddig måte. Dette kan me oppnå ved at alle involverte er lojale ovanfor retningslinjene. Det er ynskjeleg at klubbhandboka vert fylgt og at ansvarlege styremedlem blir kontakta om noko er uklart. Som lagleiar er du ansvarlig for å sende ut infoskriv om Voss HK til alle foresatte innan 01.09, og til nye spelarar.

Den enkelte lagleiar/ foreldrekontakt har ikkje myndigheit til å opptre på vegne av Voss Handballklubb utan nødvendig godkjenning frå styret i forkant.

Lurar du på noko ta kontakt med sportsleg ansvarleg i klubben. Kontaktinformasjon finn du her: Sportsleg ansvar Voss HK

Handballstyret har som mål å ha to møter med lagleiarar i løpet av sesongen, eit om hausten og eit om våren. Her er det pliktig oppmøte, om du ikkje kan møte, må du senda ein vara.
Det skal minst vera ein lagleiar for kvart lag. Lagleiar vert vald av laget (på seniorlag) og føresette på aldersfastsette lag, for 1 år i gongen. Me påpeikar igjen at dette vervet kan delast av fleire, og det mest optimale hadde vært 2 laglaiarar som ikkje er på val same året.

Det er til dømes vanleg å la ein annan  på laget ta ansvar for dugnadsbiten av lagleiaransvaret.  Nokre lag vel å ha ein eigen person som har ansvar for å organisere noko sosialt for laget igjennom året.

Lagleiar sitt ansvar:

  • Organisere møte for laget ved sesongstart og sesongslutt.
  • Bindeledd mellom laget og Voss HK sitt styre.
  • Ajourføra spelarlister med namn, fødselsdato, adresse, e-post og tlf. (Standardskriv)
  • Levere oppdaterte spelarlister til styret på: voss@rvn.handball.no ved sesongstart og når endringar skjer i laget..
  • Omberamma kampar som er sett opp på tider som ikkje passar.
  • Ta kontakt med motstandarlag og avtal ny dato for gjennomføring av kamp.
  • Dette må meldast inn på SportsAdmin SEINAST 10 dagar før kamp, elles blir ikkje omberamminga gjennomført. Brukarnamn og passord blir tildelt. Sjå Omberamming av kampar for meir informasjon.
  • Dersom eit lag ikkje møter til kamp må laget sjølv dekkje inn denne kostnaden for klubben.
    Stilla på trening etter behov.
  • Hjelpa trenar med informasjon til spelarar og foreldre, for eksempel oversikt over treningstider, kampar, reiser, cupar og lignende.
  • Informere Idrettshallen om timar som laget ikkje skal nytte i god tid, slik at klubben slepp å betale pengar for tom hall.
  • Organisere køyring, dvs. opprette køyrelister til lagets bortekampar i Bergen.Her er det viktig at alle foreldre bidrar i like stor grad i løpet av sesongen. Det enklaste er å innføra innbyrdes byting som foreldra ordnar sjølv.
  • I samarbeid med trenar forvalta lagets utstyr, t.d.: drakter, ballar og overtrekksvestar. Organisere vask av vestar minimum ein gong i månaden.
  • Samla inn drakter etter kvar kamp og stilla på neste kamp med reint draktsett.
  • Forvalta medisinskrin, om ikkje trenaren tar denne oppgåva sjølv.
    Innhald i medisinskrin; Isposar, tape, støttebandasje, saks, pumpe og plaster. Kontakt materialforvaltar for påfyll/innkjøp.
  • Innkrevjing av medlemskontingent samt treningsavgift innan avtalte fristar. Her sender kasserar ut rekning på e-post til kvar enkelt spelar. Men seinare dersom nokon ikkje betalar vil oppmann få liste på e-post slik at ein minner på foreldra til dei det gjeld. Ein måte er å legge ut lista med dei som har betalt slik at foreldra får ei påminning.
  • Pådrivar for dugnadsarbeid, organisera foreldremøte for laget og delta på felles trenar/oppmannmøter. Foreldremøte skal organiseras i starten av sesongen, underveis ved behov og eitt mot slutten av sesongen for førebuing av neste sesong.
  • I samråd med trenar kalla inn til naudsynte møter (spelarmøte, møte med foreldre/føresette) mellom anna for å sikra god kommunikasjon, sikra god sosial og sportsleg utvikling for laget.
  • Fordela informasjon om ulike dugnadar laget skal ha ansvar for gjennom sesongen. Organisera dugnadar til inntekt for turneringar, gjerne i form av kakebasar eller anna.
  • Vera behjelpeleg med påmelding til turneringar i samarbeid med trenar. Organisera turar til turneringar i samarbeid med spelarar, foreldre og trenar.
  • Ansvar for sosiale aktivitetar i samarbeid med trenar. Avslutning før jul og etter enda sesong.
  • Fylgje opp e-post meldingar vedrørande laget, og gjera foreldre og spelarar kjent med Voss HK si heimeside, samt «min Håndball» (APP).
  • Informera om klubbens avtale med aktuell sportsbutikk: 20% på Sport 1 (Amfi) på handballutstyr gjennom klubben.
  • Halde oversikt over spelarane sine lisensar (13 år og eldre), adresse, telefon og fødselsdato. Kopi av oppdaterte lister skal leverast til sportsleg leiar.
  • Lagleiar skal skrive ein lagmelding/ rapport om laget sin utvikling som bidrag til Voss HK sin årsrapport.

Lykke til med oppdraget!