Reglement Voss HandballCup

Reglement utan ”time out”:

Turneringa går etter NHF sitt kampreglement, med fylgjande presiseringar og unntak

Ved likt poeng i puljespelet vært rekkefylgja avgjort slik:

  1. a) Poeng i innbyrdes kamper
  2. b) Målforskjell i innbyrdes kamper
  3. c) Flest scorede mål i innbyrdes kamper
  4. d) Målforskjell i samtlige kamper i puljen
  5. e) Flest scorede mål i samtlige kamper i puljen
  6. f) Loddtrekning

Uavgjort i sluttspelkamp ved full tid vert avgjort ved ”fyrste mål vinn” / ”sudden death”, maksimum 5 min. Dersom framleis uavgjort vert kampen avgjort med loddtrekning. Dommar føretek myntkast om kven som startar med ballen i «sudden death».

Det er ikkje høve til ”time out” og som hovudregel skal ikkje tida stoppast ved 7-meter kast. Dommaren vurderer, og straffar misbruk / taktisk uthaling av tid.

Kampane i klassane 9, 10 og 11 år vert gjennomført med 6 spelarar på bana samt nedsenkbare tverrliggjarar, i tråd med NHF sitt reglement.

Laga må møta i god tid og vera klar på banen straks kampen skal starta. Heimelaget startar med avkast (startar på banhalvdel til venstre, sett frå sekreteriatet).

Det er ikkje lov å nytta same spelar på fleire lag i årsklassene 12-13 år. Dersom ein nyttar spelarar som ikkje er speleberettiga skal laget dømmast til tap. Dispensasjonar som er gjevne for spelarar i siste sesong, eller som er søkt om i cupen, gjeld óg for Voss HandballCup Regelement NHF Region Vest. Lag med disp. får spela kampar, men mistar retten til å gå vidare til sluttspel. I utrekning av plassering i puljespel blir kampane til lag med disp. sletta.

Spelarar kan spele opp ein årsklasse.

For årsklassene 9-11 år bør det fortrinnsvis nyttast dei samme spelarane på samme lag i samme årsklasse. Men det er ikkje regelstridig å nytta spelarar mellom lag 1, 2, 3 osb. i samme årsklasse. Me ynskjer å presisera at me ikkje har høve for å tilretteleggje for antilag.

Jury og reglar for eventuelle protestar

Ein jury vil handsame eventuelle protestar fortløpande. Skriftleg og grunngjeven protest må leverast sekretariatet seinast 90 minutt etter kampen det gjeld er slutt, vedlagt kr. 200,- i protestgebyr. Pengane vert returnert dersom protesten vert teken til følgje. Hugs namn og mobiltlf.nr på ansvarleg leiar for det aktuelle laget.

Juryen er samansett av Harry Stikholmen (dommaransvarleg), Laila Bjelkevik (cupstyret) og ein leiar utpeika av tilreisande lag.