Smittevernrutinar i Voss idrettshall: Informasjon for bortelag og heimelag
Informasjon om smittevern i Voss idrettshall
Informasjon for lag med dugnad
Instruks for lag med dugnad i Voss idrettshall
Smitteforebyggande tiltak – Smittevernet sin «gylne treeinig»
- Om du føler deg sjuk – hald deg heime – alltid.
- God hånd- og hostehygiene skal praktiserast på trening og kamp – alltid.
- Hald avstand og unngå nærkontakt utanfor trening og kamp – alltid. Hugs at alle skal følgje 1-meters regelen – til einkvar tid – med unntak av spelarar i oppvarming og trenings-/kampaktivitet.
Dersom ein person i husstanden til utøvar, trenar eller person i støtteapparatet har fått bekrefta covid-19, skal utøvaren vere i karantene og ikkje delta i aktivitet.
Viss nokon på laget får påvist Covid-19 skal klubben informerast omgåande.
RUTINER FOR TRENINGAR
Ved oppstart av treningar er det viktig å vite følgjande:
- 1 meters regelen gjeld utanfor banen. Det er trenaren sitt ansvar å handheve denne og sørge for at spelarane er klar over regelen og fylgjer denne.
- Handvask for alle organiserast før og etter trening, ballar reingjerast med sprit etter treninga. Gje beskjed til klubben om det byrjar å bli lite sprit igjen slik at vi kan fylle på.
- Trenar må føre oppmøte på trening slik at vi raskt kan komme i kontakt med gruppa om nokon blir sjuke. Lista skal tas vare på i 10 dagar og skal inneholde kontaktinformasjon til spelarar og andre som har vore til stade på treninga.
- Trenar og lagleiar må vurdere om de ønsker støtte frå foreldra for å halde orden på alt dette på treninga. På lag med ungdoms-trenerar skal det vere ein vaksen til stade. Ei vaktliste må då settast opp.
- Garderobane i Idrettshallen skal ikkje brukast. Spelarane kan legge klær på tribunane. Vi vil sørge for merka områder slik at det er lett å halde 1 meter her og.
- Elles gjeld reglar frå handballforbundet. Sjå lenken under: