Instruks for lagleiar
Kjære lagleiar / foreldrekontakt.

Velkommen som lagleiar i Voss handballklubb. Styret i handballgruppa set stor pris på at du har tatt på deg ansvaret som lagleiar.

Trenarane og styret er avhengig av ei positiv og støttande foreldregruppa. Utan eit godt samarbeid frå foreldregruppa vert det ikkje mogleg å gje våre born og unge eit godt sportsleg tilbod og trygge rammer.

Eit av handballklubben sine siktemål er å framstå på ein ryddig måte. Dette kan me oppnå ved at alle involverte er lojale ovanfor retningslinjene. Det er ynskjeleg at klubbhandboka vert fylgt og at ansvarlege styremedlem blir kontakta om noko er uklart. Som lagleiar er du ansvarlig for å sende ut infoskriv om Voss HK til alle foresatte innan 01.09, og til nye spelarar.

Den enkelte lagleiar/ foreldrekontakt har ikkje myndigheit til å opptre på vegne av Voss Handballklubb utan nødvendig godkjenning frå styret i forkant.

Lurar du på noko ta kontakt med sportsleg ansvarleg i klubben. Kontaktinformasjon finn du her: Sportsleg ansvar Voss HK

Handballstyret har som mål å ha to møter med lagleiarar i løpet av sesongen, eit om hausten og eit om våren. Her er det pliktig oppmøte, om du ikkje kan møte, må du senda ein vara.
Det skal minst vera ein lagleiar for kvart lag. Lagleiar vert vald av laget (på seniorlag) og føresette på aldersfastsette lag, for 1 år i gongen. Me påpeikar igjen at dette vervet kan delast av fleire, og det mest optimale hadde vært 2 laglaiarar som ikkje er på val same året.

Det er til dømes vanleg å la ein annan  på laget ta ansvar for dugnadsbiten av lagleiaransvaret.  Nokre lag vel å ha ein eigen person som har ansvar for å organisere noko sosialt for laget igjennom året.

Lykke til med oppdraget!