Park Hotel Cup

5. – 7. april

                 2019

 

 

 

Voss Handballklubb og Park Hotel Vossevangen har gleda av å invitera til ein Sosial Seniorcup i håndball i 2019.
( Inkl. Bankett på Laurdagskvelden ! 🙂  )

Dette er ei turnering for lag frå 3 divisjon og nedover i seriesystemet.
Turneringa er tilslutta Norges Håndballforbund og spelast etter NHF’s reglement.

Dette er den åttande turneringa for seniorlag me arrangerar i nyare tid.
Av erfaring veit me at cuptilboda til desse laga er få, og av den grunn ynskjer me no å invitera Dykk til ei kjekk og sosial handballhelg på Voss.

Alle kampar vert arrangert i Voss Idrettshall og overnatting skjer på Park Hotel Vossevangen, gangavstand frå hallen. Meir info på www.parkvoss.no.

Spelesystem:
Det er lagt opp til spel for 8 dame- og 6 herrelag og kampane vert spela med 2 omgangar à 12,5 minutt. Dersom det er færre påmeldte lag kan speletida bli endra.

Damelag: to puljer à 4 lag med seriesystem.
1. & 2. plass i pulja går vidare til semifinalar, bronsefinale og finale.
3. & 4. plass spelar plasseringskampar i sluttspel.
Herrelag: enkel serie og sluttspel med plasseringskamp, semifinalar og finale.

Program og kampoppsett vil bli sendt pr. mail seinast ei veke før turneringsstart.

Premiering:
Dame: Vandrepremie og lagpremie til 1 plass, lagpremie til 2. og 3. plass.
Herre: Vandrepremie og lagpremie til 1. plass, lagpremie til 2. og 3. plass.
Kåring av turneringa sin toppskårar i begge klassar.

Prisar:
Turneringsavgift per lag: kr 2500,-

Påmeldingsfrist: 01.03.2019 ved innbetaling av turneringsavgift til kontonummer: 9581.12.08907
Merk betalinga med lagnamn og klasse (dame/ herre).

Påmelding via Profixio

Påmelding åpner 15. februar 2019

Deltakarkort: kr 2200,- pr. spelar, betalast innan 15. mars
Inkludert i deltakarkortet er: Deltaking i cup, to overnattingar på Park Hotel inkludert frukost. Buffét fredag og Bankett med 3 rettars middag laurdag kveld.

Leiarkort: 2000,-
Dette inkluderar: to overnattingar på Park Hotel inkludert frukost. Buffét fredag og Bankett med 3 rettars middag laurdag kveld. Me ser oss nøydde til å avgrensa antal leiarar til maksimalt to stk pr lag.

Etter innbetalingsfrist vert ikkje deltakarkort/ leiarkort eller påmeldingsavgift refundert.

Velkomne til ei uforgløymeleg handballhelg på vene VOSS!!


Turneringsansvarleg:
Monica Bakketun
Mob: 9575 0039
Mail: parkhotelcup@gmail.com
WEB: www.vosshk.no