Ansvarlege senior kvinner:
Trenarar: Geir Arne Aspebakken og Erik Blindheim
mob: 991 50 611 og 480 66 375
Oppmann:  Oddrun Helen Skutle
og May Hildegunn Almeland Tveit
mob:
e-post:
 
Treningstid i Voss idrettshall:  måndag kl 19:30-21:00, onsdag kl 20:30-22:00 og Torsdag: 19:30-21:00 (gymsal)
Sjekk terminliste og resultat:   Kvinner 4. divisjon avd.1
Opprykk med stil: Vann og retur i Sogndal 30-34 (12-18)
 
 
Me vann returkampen og med firemål, 30-34 (12-18) i Sogndalshallen torsdag kveld! Ny kamp medfantastisk innsats og vilje. Jentene ville vinna denne kampen og, og henta fram den innsatsen og kvaliteten som måtte til. Imponerande, og lovande med tanke på ein komande sesong i 3. divisjon. Monica viste at ho vil spela 3. divisjon att. Ho vart også denne gongen toppskårar, no med 12 mål, og av dei fem på straffe.
Laget: Terese Sørense og Anja Auro i mål. Monica Bakketun (12), Ingrid Helene Kristiansen, Anja Nilsen (4), Thea Reime (1), Jorunn Ringheim Svane, Berit Ringheim Svane (2), Oda Aspebakken Sværen (1), Torhill Tokvam (3), Iselinn Tho Tønjum 4) og Henrike Rohr (2).
Lagledere: Geir Arne, Erik og Anna      
Sjekk 3. divisjon 2012-2013 her                       Fleire bilete kjem her  

Ein glad gjeng i Sogndalshallen etter at opprykket er sikra! Foto: Øyvind K
26.04.12 / 27.04.12 Geir Arne
 
29-25 (14-12) i fyrste kvalik-kamp mot Sogndal!!!
No er halve jobben gjort! Me har overtaket før returkampen i Sogndal. I tillegg til fire mål skremde me motstandaren skikkeleg med overkøyringa dei fyrste ti minutta i andre omgang, frå 14-12 til 20-12! På slutten tok kreftene slutt, feilpasningane vart litt mange og Sogndal fekk utteljing på fleire kjappe angrep. Det sto 26-24 tre og eit halvt minutt før slutt, men enda altså med fire plussmål! Bra. Fantastisk innsats!
Laget: Terese og Anja. Monica (10), Ingrid Helene (1), Anja N (5), JOrunn (2), Berit (2), Oda (1), Torhill (1), Christine (4), Isleinn (1) og Henrike (2).
Lett trening med taktikk-prat onsdag kl. 20. Avreise med buss frå idr.h. kl. 15.30 torsdag!
23.04.12 Geir Arne
Laget mot Sogndal måndag og torsdag: Terese og Anja i mål. Monica, Ingrid Helene, Anja N, Jorunn, Berit, Torhill, Christine, Oda, Iselinn og Henrike. Lagledere: Erik og Geir Arne. Frammøte slik at du er klar kl 18.15 måndag. Transport/avreise Sogndal vert avklara i løpet av cup-helga/måndag! Meld frå til Monica om du har bil/sjåfør.... Kampstart 19.00 begge dagar.
22.04.12 Geir Arne, Erik og Monica
 
Kvalik mot Sogndal x2 komande veke
"Etter å ha sett på etter hvert mye korrespondanse vedrørende denne kvalifiseringen, har vi nå kommet frem til at kampene settes opp slik;
Voss - Sogndal mandag 23.april
Sogndal - Voss torsdag 26.april

Kampstart begge dager klokken 19:00"
           Norges Håndballforbund Region Vest
 Me har prøvd det meste, fyrst for å få ein kamp på nøytrral bane, så torsdag borte i staden for onsdag. Men må registrera at Sogndal har fått det som dei vil heile vegen..... Uansett, vi skal gje dei kamp - helst gjera grovarbeidet måndag kveld!!!!
18.04.12 Geir Arne
Ekstra trening: Tysdag 10. april kl 20.45-22 i idrettshallen (pga j20-kamp onsdag kl 19.30). Sjå saka under om cup og kvalik.....
09.04.12 Geir Arne / Monica
Mini PHC 20.-22. april - men fyrst kvalik!
Frie damelag stiller til Park Hotel Cup 2012: Askøy, Lindås og 2x VossHK. Det vert to kampar fredag (kl 18-21), fire laurdag (kl 09.30-12 og kl 14.30-17) og to sundag (kl 12-15). Tida her er inkl. oppvarming på banen. Me må altså stilla to lag!!!
Før den tid  skal me truleg spela kvalik for 3. div. mot Sogndal, eller Fyllingen2 dersom Fana ikkje lukkast med opprykk til 1. divisjon. Dette vert avgjort komande helg.
06.04.12 Tore H / Geir Arne
Spennande og tidvis god kamp, men tap mot Os2
"Finalen" i 4. divisjon enda med tap 29-32 (18-17) heime mot Os2 måndag, kveld. Deremd vert det kvalifiseringskamp, mot KJøkkelvi, eller Sogndal??? Me spelte ein glitrande god fryste ogmagn og leia ved pause. 18 mål i ein mogang mot denne motstandaren er bra! Os2 har styrka laget med fleire 2. divisjnsspelarar på slutten av sesongen. I starten av andre omang sleit me med avslutingane, og skråa berre to mål dei fyrste 15 minutta. Då vert det vanskeleg. Me så gjorde me nokon grep og plutsele var vi heilt jamne att og fem minutt før slutt sto det 29-29. Så var det slutt....
Laget: Terese og Anja i mål. Monica (12), Anja N (1), Ingrid Helene (2), Anna, Jorunn,Thea, Berit (1), Christine (6), og Iselinn (7).
21.03.12 Geir Arne
Finale måndag kveld  mot Os2: Laget vert det same som sist, pluss Anna og Anja og Anja N. NB - jenter 17-20 spelar heimekamp onsdag kveld!
24.03.12 Geir Arne
Dårleg start øydela mot sterke Tertnes
Bortekampen mot Tertnes tysdag kveld vart om lag som forrige møte - me starta med alt for stor respekt for Mette Davidsen, Beate Myrdal m.fl. - og var helst tafatte i forsvar. Sjølvom me snakka om dette på førhand verka det som me ikkje "hadde ikke trua" på det me gjorde. Det sto 16-5 etter 20 minutt. Derifrå og inn heldt me greitt følgje og vann andre omgang! Mange fine agrep og tøffare forsvarsjobbing etter kvart. Terese fekk meir hjelp og fek ein del flotte redningar. Framover kom alle på skåringslista. Sluttresutlat 30-21 (20-9)
Laget: Terese i mål. Monica (4), Ingrid Helene (3), Anna (2), Jorunn (1), Berit (2), Oda (2),  Christine (2), Henrike (2) og Iselinn (3).
21.03.12 Geir Arne
Skikkeleg lagsiger borte mot Sotra - og minst klar for kvalik!
Med soilde 18-26 borte mot Sotra laurdag er me minimum klare for kvalik! Det vert finale mot Os2 heime måndag 26. - men fyrst skal me slå Tertnes borte tysdag kveld!? Rapportane fortel om ein perdiodevis svært god forsvarskamp, og godt målvaktsspel av Terese. - Men fyrst og fremst ein skikkeleg lagsiger, i fylgje lagkaptein og toppskårar Monica.
- Laget kom godt igang. Forsvaret spelte godt med flotte  redningar av ei god Terese i mål.
Samspelet fungerte bra, så seieren var ein lagseier, alle jobba saman, fortel Torbjørn, og legg til:
- Laget møtte hard motstand og tøft spel av Sotra. Våre spelarar let seg ikkje provosera. Vaksne og gode dommarar som slo ned på det stygge spelet.
Laget mot Sotra: Terese i mål. Monica (8), Ingrid Helene (1), Anja N (2), Jorunn, Berit (3), Oda, Thea, Christine (6), Henrike og Iselinn. Lagleiarar: Torbjørn og May H.
18.03.12 Geir Arne
Resultat og tabell - sjå her
Jamnt lenge, men vi var best til slutt mot Viking2
Heimekampen mot Viking2 tysdag kveld var jamn til det sto att 15 minutt (21-19), men enda med 30-23 (14-12). Veldig bra jobbing i forsvar, spesielt  i starten - over 6 minutt før me slapp inn mål, men og solid jobbing bakover i andre halvdel av andre omgang. Samtidig sto Anja sin beste omgang for damelaget så langt!!! Då kom og kontringane, slik at me kunne sikra ein klar heimeisger til slutt. I etabelrt angrep viste veteranane våre at dei fortsatt har skikkeleg skotarm, berre ei får stilt inn siktet! Godt jobba!!
Laget: Anja  i mål. Monica (8), Ingrid Helene, Anja N (1), Jorunn, Berit (1), Oda (2), Torhill (2), Thea, Christine (10), Henrike (1) og Iselinn (6).
13.03.12 Geir Arne
Skammelig dårleg gjort av Askøy! Full trykk mot Viking
At Askøy ikjke maktar å stilla lag til bortekamp mot Voss er ille nok, men at dei ikkje maktar å sei i frå om det er rett ut skammeleg, pinlig og usportsleg. Årstad stilte ikkje i tilsvarande kamp før jul, men sende i alle fal ein mail, dagen før..... Førti plussmål tapt???
Nok om det. Region Vest får ta saka. I morgon er det ny heimekamp, mot Viking. Då bør me stilla med full trykk og kjempa for to nye poeng. Me stiller med same lag som skulle spelt laurdag, minus Anna (sjuk) og Terese (jobb), pluss Oda. Sjå under.
12.03.12 Geir Arne
Klart tap borte mot Fyllingen 34-28 (17-11)
Onsdag kl. 21 (veldig seint....) i Framohallen, Fyllingsdalen. Kvinner 4. div:
Mykje dårlege kast og grep, dårlege skot.... Etter ein utruleg dårleg start klarde me aldri å ta skikkeleg tak i kampen, berre i korte periodar, som då me var berre fire mål bak midt i andre omgang. Rutinerte og lure damer frå Fyllingsdalen kontrollerte kampen. Ein særs dårleg kamp over heile linja frå vår side. No må me bruka neste kamp til å "spela oss opp att"!!!!
Laget: Anja (målvakt), Monica  (7), Ingrid Helene  (3), Anja N (2), Jorunn, Berit (2), Oda (3), Christine (6) og Iselinn (5).
Laget laurdag mot Askøy: Anja og Terese i mål. Monica, Anna, Ingrid Helene, Anja N, Jorunn, Berit, Torhill, Thea, Christine og Iselinn.
08.03.12 Geir Arne
Kjempebra borte
mot Tertnes!
 
Jenter 20 gjorde ein god figur borte mot Tertnes i kveld og skåra heile 29 mål mot ungjentene til eliteserielaget. Kampen enda 39-29 (18-12) og alle utespelarane kom på skåringslista: Anja (målvakt), Iselinn (14), Oda (5), Thea (4), Ingrid Helene (3), Berit (1), Ingrid (1) og Sigrid (1). Veldig bra gjennomkøyring med tanke på resten av sesongen og dei viktige damekampane framover!!!
05.03.12 Geir Arne
 
Iselinn toppskårar med 14 mål. 
Foto: Geir Arne 
 
Ny klar siger, 31-24 heime mot NHHI video video2 video3 video 4
Videofilm: Tore H. Her er det lagt ut fire snuttar frå kampen. Sjå og lær!
Heimekampen mot studentane frå Handelshøgsksulen onsdag kveld enda med solide 31-24 (16-10). Periodevis god kamp, spesielt i forsvar dei fyrste 20 minutta! Begge målvaktene hadde og periodar med storspel. FRamover vart det litt mange feilpasnignar, men elles og mange gode angrep og avsutningar. Me stilte med 14 spelarar og fire lagleiarar denne gongen..... Men no strammer det til med seks kampar frå 10.-26 mars! NB kanskje eine bortekampen vert flytta frå 24. til 7. mars???
Laget: Terese og Anja i mål. Synne, Jorunn (4), Anja N (3), Henrike, Torhill (2), Christine (7), Monica (9), Anna, Oda, Berit, Iselinn (6) og Ingrid Helene.
23.02.12 Geir Arne
Knallstart i viktig bortekamp mot Viking 2
 
Jublande glade etter å ha "knust" Viking 2 i Haukelandshallen 18.02.12 Foto: Geir Arne
 
Me vann den viktige bortekampen 19-29 (8-15). Det fyrste kvarteret mot Viking 2 i Haukelandshallen laurdag var fantastisk bra. Forsvar, målvakt, russh og etablert angrep - alt fungerte. Her var det topp tenning og full fokus på å ta føringa, og det gjorde me til gangs. Det sto 3-12 etter vel 16 minutt!
Ei svært effektiv Iselinn TT i storform herja med Viking heile kampen, men elles var dette ein skikkeleg lagsiger der all drog lasset. Godt jobba!!! Ny kamp alt onsdag kveld heime, så seks til i frå 10.-26. mars!
Laget: Terese og Anja i mål. Monica (5), Anja N, Ingrid Helene (2), Jorunn, Berit (2), Christine (7), Isleinn (13) og Henrike (1).
19.02.12 Geir Arne
Som venta - ein klar bortesiger mot Årstad3
Kampen enda 17-43 (7-19). Problemet borte  borte mot Årstad 3 i Haukelandshallen sundag 12. februar var å halda oppe trykket, konsentrasjon og balltempo. I periodar fungerte det veldig bra, både med kjappe kontringar, flotte angrep og aggresivt forsvar. Solid avslutning på begge omgangar. Ei god gjennomkøyring før viktig bortekamp komande laurdag, mot Viking2.
Laget: Terese (målvakt), Monica (11), Synne (2), Ingrid Helene (4), Anja N (2), Berit (5), Oda (1), Torhill (3),Christine (7) og Iselinn (8).
NB - sjekk resultat og tabell - ein del spennande resultat i det siste.........
Sjekk resultat og tabell her
12.02.12 Geir Arne

Køyreliste damelaget for 2 halvdel av sesongen:

SØNDAG 12.02.2012

1600

56K04A1078

Haukeland Bane 1

Årstad 3

Voss

Avreise: 13.30

Jorunn

Iselinn

Ingrid Helene

 

LØRDAG 18.02.2012

1415

56K04A1060

Haukeland Bane 1

Viking 2

Voss

Avreise: 11.30

Oda

Torhill

Synne

 

LØRDAG 17.03.2012

1800

56K04A1087

Bildøyhallen

Sotra 2

Voss

Avreise: 15.00

Monica

Anja Auro

Thea

 

TIRSDAG 20.03.2012

2100

56K04A1054

Åstveithallen

Tertnes

Voss

Avreise: 18.40

Torhill

Anja Nilsen

Vilde

 

LØRDAG 24.03.2012

1630

56K04A1069

Framohallen 1

Fyllingen 3

Voss

Avreise: 13.45

Berit

Jorunn

Christine

 

Godt forsvar, mange sjansar, men litt for få mål mot BHK2
Bortsett frå at me brente litt vel magne sjansar i starten av andre omgang var det ein bra heimekamp mot Bergen HK2 laurdag. Kampen enda 34-23 (21-11), og som sagt, me burde kanskje hatt 40 mål? Men me gjer tidvis ein god jobb i forsvar og hjelper målvaktene våre bra. Tre veker til neste seniorkamp, men juniorane skal spela borte komande laurdag. Laget: Terese og Anja i mål. Christine (5), Anja N (4), Monica (7), Berit (1), Jorun, Ingrid Helene (4), Oda (3), Torhill (1) og Iselinn (9).
22.01.12 Geir Arne
Sjekk resultat og tabell her
Laget mot Bergen HK2 laurdag kl. 15: Anja og Terese i mål. Monica, Synne, Ingrid Helene, Anja N, Thea (?), Vilde, Jorunn, Berit, Oda, Christine og Iselinn. Møt klar kl. 14.15
Idrettshallen er stengt mesteparten av NM-veka, men me satsar på å trena i hallen måndag 23. kl. 17.00-19! (Halv bane). Onsdagen går ut - kanskje ein tur til Tertnes-Larvik i staden??? Men torsdag blir det trening, med ball, på gymnaset, til vanleg tid.
19.01.12 Geir Arne
Nok ein gong målfest for juniorane
J17-20 vann 39-31 borte mot Bergen HK laurdag 14. januar. Ein ny målrik kamp, men litt vel mykje bakover??? Laget: Anja i mål, Iselinn 8, Berit 2 , Oda 6, Vilde 7, Ingrid Helen 6, Synne 6, Thea 4 og Ingrid. Lagleiar: Torbjørn.
No er det seniorkamp mot Bergen HK som står på programmet, heime komande laurdag kl. 15.00
17.01.12 Geir Arne
Stengt hall pga NM på ski, men handballtrening likevel
Idrettshallen er stengt mesteparten av NM-veka, men me satsar på å trena i hallen måndag 23. kl. 17.30-19! (Halv bane frå 19-20 - oppvarming mm før det). Onsdagen går ut - kanskje ein tur til Tertnes-Larvik i staden??? Men torsdag blir det trening, med ball, på gymnaset, til vanleg tid.
 
Iselinn og juiorane herja med Lyngbø: 32-23
Det starta dårleg, men etter kvart kom heimelaget i gang, spesielt med bra angrepsspel, og mot slutten sprang jentene i frå gjestene frå Bergen. Iselinn hadde dagen då det meste fungerte, til og med piruett-straffe og back-handskåring på rush!!!! Ho stoppa på 18 skåringar... Medspelarane var med og gjorde henne god, og ordna sjøvle resten av skåringane. Kjekt etter den heller tunge bortekampen med tap mot Åsane rett før jol.... Voss HK toppar i dag tabellen for J17-20!
 08.01.12 Geir Arne
Iselinn rushar inn eit av sine mange mål mot Lyngbø. Foto: Geir Arne
Showkampen 17.12.11 mot Fbk Voss - sjå her
 
 Berit lobbar inn ballen over ein sprellande Thomas i Fbk Voss sitt mål. Foto: Geir Arne
Synne lobbar inn ballen over ein sprellande Thomas i Fbk Voss sitt mål.  Foto: Geir Arne
Grei siger for juniorlaget borte mot Lyngbø: 22-30
Jenter 17-20 år vann 22-30 borte mot Lyngbø onsdag kveld. I fylgje rapportane vann Voss greitt, utan å spela nokon stor kamp i Laksevåghallen.  Anja sto godt i mål og redda mellom anna to straffekast. Det er ny kamp for dette laget borte mot Åsane i Flaktveithallen tysdag kveld. Då vert nok motstanden litt tøffare, men me skal gje dei skikkeleg kamp!!!
Laget: Anja, Synne(10), Gro Kristina (3), Ingrid Helene (1), Sigrid (3), Berit (5), Iselinn (8) og Ingrid.
Lagleiarar var Olav og Torbjørn.
15.12.11 Geir Arne
Trening, spelarmøte, show og terminliste for resten
Trening onsdag 14.12. kl. 19-20 (pga bortekamp for J17-20). Nå er terminlista for resten av sesongen lagt ut. Sjekk denne og planlegg. Neste damekamp er 21. januar heime! Jenter 17-20 ahr to kampar att før jol og startar nyaåret med heimekampt 7. januar.
Me har trening 19. og 21. desember, så juleferie frå fellestrening til måndag 2. januar. MEN kom deg ut på ski og/eller joggesko i jula! Måndag 19. vert det spelarmøte kl. 18.15 i idrettshallen.
Hugs og Juletradisjonen: Showkamp mot Fbk Voss sine menn laurdag 17. desember kl. 15.00
13.12.11 Geir Arne
Viktig heimesiger mot Fyllingen 3: 31-23 (17-11)
Vitkig? Sjekk tabellen....Voss HK vann den viktige heimekampen mot Fyllingen 2 onsdag kveld med 31-23 (17-11).  Ein kamp med varierane kvalitet, men heimelaget viste tidleg at denne kampen ville dei vinna. Sjølv om feilprosenten var i høgaste laget var det  flott kjemping og periodevis glimrande spel både i forsvar og angrep. Mange flott blokkeringar og mange flotte overgangar med presise, avgjerande pasningar!Anja spelte sin beste kamp for seniorlaget så langt! Kjempebra i mål!
Ellers var rutinerte Christine og Monica  nok ein gong sentrale både i angrep og forsvar. Dei to står for 15 mål og mykje godt arbeid i forsvar, men ungjentene viser at dei og kan ta ansvar og spela avgjerande roller i laget! Lovande.
Laget med skåringar:
Anja, Thea, Monica (7), Berit  (1), Oda (4), Torhill (6), Christine  (8), Iselinn (2), Jorunn (1), Sigrid , Vilde ( (2) og Anja (1).
07.12.11 Geir Arne
Sjekk resultat og tabell her
Målfest og litt dramatikk i Askøy Forum
Damelaget spelte borte mot Askøy2 laurdag 3. desember. Det vart ein målfest som Voss vann med 22-46 (11-21), men ikkje heilt utan dramatikk. Voss sin målvakt, Terese, tråkka over og måtte gje seg etter 30 sekund. Utespelar Thea måtte ta på seg målvakttrøya, og ho takla oppgåva svært bra! Det gjekk til dømes ti minutt før heimealget skåra sitt fyrste mål i andre omgang, på stillinga 11-31.
Litt lenger ut i omgangen small to spelarar saman. Voss sin spelar kom uskadd frå det, men Askøy-spelaren vart liggjande lenge og måtte hentast av ambulanse. Episoden førte til ei lang pause i kampen.
Som tala viser var det mest einvegs-køyring, og mange fine rush. Torhill til døems prang inn heile 11 mål. Samtlege utespelarar teikna seg på skåringslista. Bra!
Laget: Terese, Thea, Monica (7), Ingrid Helene (4), Berit (3), Oda (2), Torhill (11), Christine  (6), Iselinn (4), Jorunn (8) og Anja (1). Lagleiar var May Almeland Tveit.
04.12.11 Geir Arne
 
J17-20 VANN SUVERENT
34-26 (18-13) mot Gneist
 
Ny stor siger altså mot Gneist, etter periodar med storspel både i forsvar og angrep! Heimelaget knallopna og leia 7-1 før ti minutt var gått!
Laget: Anja Auro (målvakt), Synne Bakketun (6), Gro Kristina Brattåker, Ingird Helene Kristiansen (1), Thea Reime (2), Sigrid Rørlien, Berit Ringheim Svane (4), Oda Aspebakken Sværen (7), Torhill Tokvam (2), Iselinn Tho Tønjum (8), Vilde Brattåker Støyva (4) og Ingrid Leikvoll.
 
Berit skårer ein av sine 4 mål frå streken.
Foto: Geir Arne
 
Thea opnar med eit susande langskot,
 og 1-0 i fyrste angrep.

 
To heimesigrar, med vareiert innhald
Fyrst vann J17-20 med 31-26 mot Mathopen, med Berit som toppskårar. Så vann damelaget 27-23 (10-11) mot Sotra2, med Monica som toppskårar. Anja og Emilie sto i mål i begge kampane. Spelet var svært varierande i begge kampar, både i forsvar og angrep. I periodar glimrande spel og flotte prestasjonar og i andre periodar litt for mykje feil og manglande trykk! Maktar me å stabilisera nivået frå dei beste periodane, så blir dette velidg bra!!!! No vonar me alle held seg friske og raske framover, for no kjem kampane tett. Sjekk terminlistene!
Laget mot Sotra2: Anja, Emilie, Torhill (2), Isleinn (7), Thea, Oda (4), Hege (2), Christine (4), Monica (8), Anja N (1) og Sigrid.
27.11.11 Geir Arne og Erik
Sjekk resultat og tabell her
Ungdommane var suverene borte mot Bønes
Jenter 17-20 år slo til med storsiger borte mot Bønes laurdag, etter å ha vist tenner i treingskamp onsdagen før. Kampen enda 13-39 (6-16). Grunna skader og jobb stilte me akkurat lag, sju jenter, med Anita og Torbjørn på benken. Likevel heldt alle trykket oppe heile kampen. Anja  slepte berre 13 ballar bak seg på to gonger 30 minutt. Ny pers!!! Framover skåra samtlege utespelarar: Thea (9), Berit  (4), Oda (7), Sigrid (1), Iselinn (12) og Ingrid L (6).
15.11.11 Geir Arne
NB IKKJE TRENING I IDRETTSHALLEN ONSDAG - STENGT - HUGS TRENING TORSDAG!
Kjempa og sleit, og tapte 21-48 (10-21) mot Tertnes
J 17-20 sin kamp mot Tertnes Elite måndag kveld enda med stygge tal, men etter tre kampar er det jentene frå Voss som har skåra flest mål mot dette laget. Og Terntes stilte sterkt. Hugs det er nokre av landet sine beste juniorar som var motstandarar! I våre beste stunder, så lenge kreftene heldt, viste me at me verkeleg kan gje dei kamp, både i angrep forsvar! Ta med det positive vidare. Laget: Anja og Emilie i mål. Gro Kristina (3), Ingrid Helene (1), Thea (9), Sigrid, Berit (2), Oda (1), Iselinn (5) og Ingrid.
NB - ny treningstid onsdagar? No onsdag kl 20.00-21.30! 
01.11.11 Geir Arne
Jentene fylgde opp med 32-23 heime mot BHK
 
I den fyrste kampen i serien for J17-20 vart det heimesiger 32-23. Flott innsats og mykje bra spel, men ein del av dei same plasseringsproblema i forsvar og angrep som i seniorkampen dagen før. Laget (skåringar): Gro Kristina (2), Thea (9), INgrid Helene (4), Sigrid (2), Iselin (10), Oda (1), Berit (4) og målvakter var Anja og Emilie.
23.10.11 Geir Arne
 
Ingrid Helene satsar friskt og set her inn eit av sine mål sundag.
 
 
 
Thea fyrer av eit av sine gode langskot i denne kampen.
Stilte med 14 og vann 27-41 (14-20) borte mot BHK
Me stilte damesterke i bortekampen mot Bergen HK laurdag. Med to rekker utespelarar og to gode målvakter, vann me greitt, men hadde sjansar nok til å skåra 50 mål! Spelet, i både forsvar og angrep, varierte frå glitrande, med flyt og flott balltempo, til halvbra og noko upresist i periodar. Laget: Hege (2), Monica (7), Gro Kristina (2), Ingrid Helene (5), Thea (2), Berit, Oda (2), Christine (7), Iselin (5), Torhill (6), Anja N (3) og Jorunn. Terese og Emilie i mål.
22.10.11 Geir Arne
Sjekk resultat og tabell her
Trening i haustferien - sjølvsagt!
Felles for J15, J17-20 og K4.div mandag og onsdag kl 19-21 i idrettshallen! NB spensttest for dei som ikkje fekk gjort det sist onsdag! Neste kamp, borte laurdag 22. oktober.
05.10.11 Geir Arne
Bra bortesiger etter flott fyrsteomgang: 19-22 (5-13)
Sundag stilte me med berre ein innbyttar borte mot NHHI i Lemkulhallen, men det heldt til sesongens fyrste siger. Godt jobba! Og rapportane fortel om ein gnistrande god fyrste omgang, der ikkje minst forsvarsspel og målvaktsspel var glimrande. NHHI makta berre å skåra 5 mål dei fyrste 30 miniutta!!! I andre omgang fekk både Monica og Christine merke, samtidig som forsvarsspelet vårt ikkje heldt same nivå som i fyrste omgang. Men det heldt altså til siger!
Laget: Terese, Jorunn, Christine (6), Monica (11), Thea (2), Ingrid (1), Gro Kristina (1) og Oda (1). Assisterande lagleiarar: May og Trude.
02.10.11 Geir Arne
Tapte 24-34 (8-20), men gnistrande i 2. omgang mot Tertnes
Som venta stilte Tertnes med eit svært sterkt lag (vann 12-40 borte mot Askøy 2 sist helg), med Mette Davidsen i spissen for fleire tidlegare toppseriespelarar. Me opna litt tafatt og låg under 0-6 før me skåre fyrste målet etter nesten 10 minutt. I andre omgang tok me mykje betre tak i strekspelarane til Tertnes, stoppa mange skot og innspel samtidig som Terese storspelte i mål! Dermed fekk me og mange flotte rush og kjappe overgangar. Ni minutt før slutt var me berre fem mål bak! Tertnes var litt rysta, men etter ein "time out" makta dei å dra litt frå att, og me var godt slitne. Flott jobba!!!
Laget: Terese, Hege (2), Monica (3), Gro Kristina, Ingrid Helene (1), Thea (3), Sigrid, Berit (2), Christine (7), Iselinn (5) og Torhill (1).
21.09.11 Geir Arne
Sjekk resultat og tabell her
Tap mot Os2, men lovande sesongopning
Ein blid gjeng, trass tap i sesongopninga! Foto: Geir Arne
Me sesongopna borte mot Os2 sundag. Det enda med tap 34-29 (16-12). Me møtte eit sterkt lag som dagen før vann 49-17 mot Bergen HK2. Etter litt startvanskar og 7-2 til heimelaget etter 13 minutt kom me heilt opp i ryggen på Os i slutten av begge omgangar. Me var tre mål bak under tre minutt før slutt. Godt kjempa i forsvar. I etablert angrep vart det litt stanging i periodar og ein del stong ut, men me produserte sjansar og mange fine angrep. Kjekt også å ha med to målvakter!! Alt i alt lovar dette godt for sesongen.
Laget: Terese  og Anja (målvakter). Hege  (4), Monica (4), Gro Kristina (2), Ingrid Helene, Thea (1), Berit  (3), Christine (12), Vilde og Torhill (3).
Neste kamp er heime mot Tertnes onsdag 21. september.
04.09.11 Geir Arne
Treningskampar avlyst - seriekamp borte sundag i staded
Det blir bortekamp mot Os sundag. Avreise kl. 11.30 - frammøte Voss idrettshall.
01.09.11 Geir Arne
Sogndal vllle trena og spela kampar med tre lag fredag til sundag 2.-4. september. Kjempegreier. Gneist ville koma, men trakk seg tidleg. Andre lag som vart inviterte har ikkje svara! Og så viser det seg at Sogndal ikkje stiller heller... fyrst når vi ringer for å få det stadfesta, i kveld. Useriøst!! Vi har ordna hall, dommar, og jobba for å flytta seriekamp. Mange involverte. J... irriterande.
Da blir det kanskje bortekamp mot Os sundag likevel... Om dei kan snu seg om att. Sjekk terminlista. Avklaring og laguttak onsdag, og då vert treninga 19.30-21.00 - og alle frå J15 som vil trena saman med J17 og damelaget er velkomne!! NB torsdag vert det fjelltur, kl. 19.30. Frammøte i Bavallen. Ta kontakt med Monica eller Christine for å avtala skyss
29.08.11 Geir Arne
Treningskampar 3. og 4. september - full fart frå 8. august!
Trening i idrettshallen frå måndag 8. august: Felles for J15, J17-20 og damelaget, mandag og onsdag kl. 19-21. Torsdagar kl. 19.30 for same gruppa i gymsal/ute på Voss gymnas.
Frå mandag 22. august tek me sikte på slike treningstider:
Mandag: 19-20: J15 og J17-20, 19.30-21 K 4.div
inkl j17-20 (med oppvarming/klargjering fram til 20.00 for dei som ikkje er på J17-20.)
Onsdag: 19-20.30: J15, 20.30-22 K 4.div, inkl j17-20 (inkl. felles oppvarming)
Torsdag: Basistrening i gymsal, for heile gruppa, men fyrst og fremst for j15 og damelagsspelarar som ikkje får trent basis på dagtid (gymnasgjengen).
For K4. div og J17-20 vert det treningskamp-turnering i eigen hall helga 3. og 4. spetember, og event. ei samling der me reiser vekk ei helg for å trena både handball og alltisidig alternativ basis-trening + sosial samling. Sjekk terminliste
NB - dugnad mandag 8. august. Sjekk lista, link på framsida.
Det vart ikkje serie for J17 i Region Vest, så laget er sett opp i serien for J17-20. Spelarmøte m. føresette om dette etter skulestart.
04.08.11 Møte: Geir Arne/Erik/Monica/Christine

Infomøte og felles trening onsdag 27. april
Alle jenter frå 96-årgangen og eldre(neste sesong j15, event. j17 og damelag) vert kalla inn til infomøte i idrettshallen onsdag 27.04. kl 18.30. Planar og opplegg fram mot neste sesong. Trening for alle etterpå fram til 21.00 
NB - vi arrangerer vår eigen cup helga etter!!!!
12.04.11 Geir Arne, Monica, Erik og Christine

Statistikk sesongen  2001-2011 for Voss HK k. 4. div finn du her
NB - her er rett ressultat i Sotrakampen (har kopi av kamprapport - feil i tabellen på nettet, me har skåra 557 mål totalt på 18 kampar!
19.04.11 Geir Arne
Spelte jamt med Tertnes i siste seriekamp!
Den utsette kampen mot Tertnes vart spelt i Haukelandshallen måndag kveld. Anna, som var med som lagleiar, fortel at det var "ein knallkjekk kamp" og " me kunne nok tatt dei om alle var med". Kampen enda 27-26! Kjempebra! Dermed enda me på 4. plass, to poeng frå kvalifisering til 3. divisjon....
12.04.11 Geir Arne
Avslutta heime med solid gjennomført kamp mot Os2
Sjå dei siste fem minutta her

Etter tap med 11 mål mot Os 2 i fyrste seriekampen denne sesongen var det  veldig kjekt å vinna klart mot same laget i siste heimekampen denne sesongen. Mykje bra spel! Kampen i går  enda 37-31 (18-13) etter at me leia heile vegen og var oppe i ei leiing på 9 mål ti minutt før slutt.
Laget: Anja (målvak), Anita (målvakt), Ingrid Helene (3), Thea (1), Sigrid, Berit (5), Ragnhild (6), Oda (3), Christine  (8), Ingeborg (6) og Iselinn (5).

05.04.11 Geir Arne

To glade jenter etter kampen, Anja og Berit. (t.h)
 Under, Oda og Ingeborg i angrep i andre omgang.




Siste kampen mot Tertnes går truleg neste tysdag kl 20 i Åsteveithallen, men me har ikkje fått det endeleg stafesta. Sjekk elles opp/nedrykk/kvalifisering her.
Bortekampen mot Tertnes tysdag 29.03. utsett pga ras-stengd veg. Full fart på trening onsdag i staden!!!! Heimekamp mandag!
29.03.11 Geir Arne/Monica

Tapte jamnspelt bortekamp mot Sotra
Kampen i Bildøyhallen sundag enda med tap 29-27 (17-16). Monica var med som lagleiar. Laget (skåringar): Anja, Thea (5), Ingeborg (11), Anita (1), Berit, Christine (5), Oda (1), Ragnhild (3) og Ingrid Helene (1).
Tysdag er det ny bortekamp, mot Tetrtnes i Åstveithallen. Avresie kl 17.30
Anna blir med som lagleiar denne gongen.

28.03.11 Geir Arne
Brukbar bortesiger mot Norrøna
Kampen i Haukelandshallen måndag kveld enda 25-37 (11-15)
Ingen god kamp, mot ein vanskeleg motstandar med mykje tung rutine, men brukbart i periodar og velidg bra løyst av ungjentene då vertene prøvde seg med offensivt forsvar mot slutten. Norrøna var berre fire mål bak då det sto ti minutt att.... Iselinn toppskårar med 9 mål. Anita redda tre straffekast i fyrste omgang!
Laget (skåringar): Anita Ovrid (målvakt), Ingrid Helene Kristiansen (2), Thea Reime (2), Berit Ringheim Svane (1), Ragnhild Selje (6), Oda Aspebakken Sværen (2), Christine Almeland Tveit (7), Ingeborg Almeland Tveit (3), Iselinn Tho Tønjum (9) og Randi Himle (3).
Ny bortekamp sundag, mot Sotra. Trening onsdag: j16 19-20. K4.div 20-21 (oppvarming 18.45)
22.03.11 Geir Arne
Spelte til tider ut Nornen: 37-26 (19-11)
Herleg revansj etter eittmåls-tapet i haust! Bortsett frå ein kort periode i kvar omgang der avslutingane ikkje var gode nok var dette ein god kamp! Me heldt tempo oppe, kjempa godt i forsvar og fekk kontringane, dei kjappe overgangane med skikkelege satsingar og viderespel - slik me vil ha det. Dette spelet er me faktisk gode på. Det sto 22-18 vel ti minutt ut i andre omgang, men derifrå og inn sprang me frå Nornen sine damer. Og i mål debuterte Anita frå start - og det gjorde ho med stil!
Laget
(skåringar): Anja (målvakt), Anita (målvakt), Ingrid Helene, Thea (3), Berit, Ragnhild (8), Oda (3), Christine (7), Ingeborg (5), Iselinn (4) og Randi (6).
Neste kamp er alt måndag 21. Same laget. Avreise frå idr.hallen kl. 16.00 - seinast!
17.03.11 Geir Arne
Vann viktig bortekamp mot NHHI 2 i Lemkulhallen
Slitne, men glade.

NHHI2 Voss HK  28-31 (9-16). Flott. Viktig siger - sjekk tabellen....  Ein jamn kamp til 9-10, ni minutt før pause. Sleit i starten med eit par gode skyttarar og god strekspelar, men me makta å halda tempo og stort press. Det gav etter kvart eit klart overtak, men mot slutten av andre omgang vart også me slitne og slapp dei litt innpå. Me leia på det meste 21-29 ti minutt før slutt. Målvakt Anja gjorde ein kjempejobb i mål og slo til med fleire praktredningar! Framover var søstrene Almeland Tveit bra effektive med halvparten av skåringane.
Laget (skåringar): Anja (målvakt), Anita, Thea (4),  Berit, Ragnhild (3), Oda, Christine (9), Ingeborg (7), Iselinn (4) og Randi (4).

26.02.11 Geir Arne
37-26 (15-14) heime mot Askøy 2
Tala talar for seg.Vi klarte ikkje å ta styringa over tempoet i kampen før forsvaret byrja å fungera skikkeleg vel ti minutt ut i andre omgang. Frå 24-23 var det stort sett einvegs-køyring! Glimrande forsvarsjobb, kjapt i angrep og fine avslutningar. Det lyste vilje til å vinna i andre omgang. Flott.
Laget (skåringar): Anja (målvakt 1. omg +) Anita (målvakt siste 20 min), Ingrid Helene (1), Thea (2), Sigrid (1), Berit, Ragnhild (4), Oda (3), Christine (7), Ingeborg (8), Iselinn (2) og Randi (9).
09.02.11 Geir Arne
Svingte bra i periodar - vann 36-31(19-12)
I periodar var det skikkeleg trykk, godt temp og flott samspel. I andre periodar gjekk ballen i knehøgde og skota i stengene eller oppetter veggen... I forsvar varierte det og ein del, men med god innsats heile vegen enda det med ein solid, og viktig, heimeisiger  mot Sotra! Flott jobba!På det beste spelar me faktisk bra handball.
Laget (skåringar): Anja, Hege (2), Ingrid Helene (4), Thea (3), Sigrid, Berit, Ragnhild (5), Oda (2), Christine (3), Ingeborg (7), Randi (10) og Jennifer.
19.01.11 Geir Arne
Stortap mot topplaget Åsane
Bortekampen mot Åsane enda 42-21 (21-9). Me tapte mot eit klart betre lag, og sleit store delar av kampen, men peridoevis funrerte det bra båd ei angrep og forsvar! Og i mål gjorde Anja ein god jobb, men mange rush og gjennombrot i stor fart var vanskelege å møta.Framover sleit me med avsltutningane frå distanse, spesielt i fyrste omgang. Mot slutten kom langskyttarane våre meir med.
Laget (skåringar): Anja (målvakt), Hege (1), Randi (7), Ingird Helene (2), Thea (2), Sigrid, Berit (1), Ragnhild (1), Oda (2), Ingeborg (5).
15.01.11 Geir Arne
Starta 2011 med ein litt merkeleg heimesiger
Kampen mot Bergen HK i dag enda 32-30(19-14). Ein merkeleg kamp, prega av mange skader og utvisningar, spesielt utover i 2. omgang. Men med god innstas rodde me det heile i land, og i periodar var det flott spel både i angrep og forsvar. Våre to debutantar i mål fekk ikkje alltid så mykje hjelp av forsvaret, men dei gjorde jobben og slo til med praktredningar innimellom.
Laget (skåringar): Anja (målvakt 1. omg), Hege (1), Randi (10), Ingird Helene (5), Thea (1), Sigrid, Berit, Ragnhild (3), Oda (4), Christine (3, )Ingeborg (6), Jennifer (målvakt 2. omg).
Neste kamp laurdag, borte mot Åsane, kl. 10.25 i Åsanehallen - avreise idrhallen kl. 08.00.

12.01.11 Geir Arne

Trening mandag 3. og kamp onsdag 12. januar  
Me startar vårsesongen heime mot Bergen HK2 onsdag 12.01 kl 19.15. Bortekampm larudagen etter og heimekamp onsdag 19. Full fart i januar. Vonar alle held seg i form gjennom juleferien! Me startar med full trøkk måndag 3. januar, og då ventar eg at alle som vil vera med stiller! God Jul!
21.12.10 Geir Arne
Terminlista for resten av sesongen er no klar
MEN det kan bli endringar. Askøy 2 har alt bedt om flytting, og det passer greitt, slik at vi ikkje får tre kampar på fire dagar i starten av januar... Elles vil me kanskje ha flytta kampen som er sett opp siste laurdagen i vinterferien!  NB "kampen" laurdag 18.12. mot fotballherrane går i regi av Monica, så ta kontakt med henne om det har spørsmål om lag osb.
14.12.10 Geir Arne
35-18 (17-8) heime mot Nørrøna
Ein bra gjennomført kamp der ein del av spelet fungerte kjemepbra til tider. Slapp inn berre fem mål dei fyrste 20 minutta av 2. omgang - leia  då 30-13.
Lag (skåringar): Hege (2), Monica (1),Synne (2) Anna, Randi (3), Ingrid Helene (3), Thea, Ragnhild (3), Berit, Oda (3), Christine (7), Ingeborg (3) og Iselinn (8).
NB - neste heimekamp er utsett til  onsdag 19. januar kl. 19.15!!!!
20.11.10 /  28.11.10 Geir Arne
Heimekamp mot Norrøna laurdag 20.11. kl. 14.  Laget:
Hege, Monica (straffeskytter), Synne, Anna, Randi, Ingrid Helene, Thea, Berit, Ragnhild, Oda, Christine, Ingeborg og IselinnKlar, ferdig skifta kl. 13.15!!!
18.11.10  Erik og Geir Arne
Jamt, men tap mot Åsane: 27-31 (13-14)
Sundag 14.11. vart det eit nytt tap, men me ga eit godt Åsane-lag skikkeleg kamp og kunne med litt flaks ha vunne! Fortsatt slit me med samhandlinga både i angrep og forsvar, men uansett, eit steg i riktig retning for fleire i høve til kampen torsdag, mot Nornen.
Lag (skåringar): Hege (2), Monica (4), Synne,  Anna, Ingrid Helene, Thea (2), Ragnhild (1), Oda (1), Berit, Christine (7), Ingeborg (7) og Iselin (2).
Surt tap borte mot Nornen: 22-21 (11-11)
Lite stemte og nesten alle 50:50 situasjonar vippa til fordel Nornen. Me hadde likevel sjansar nok, men traff for dårleg med avslutningane.
Lag (skåringar): Hege (4), Monica (5), Anna, Randi, Ingrid Helene, Thea, Ragnhild (2), Oda, Christine (3), Ingeborg (3) og Iselin (2).
14.11.10 Geir Arne
Tre kampar og eit spelarmøte
Torsdag er det bortekamp mot Nordnes i Haukel.h. kl 19.00 Avreise idr.h. kl. 16.30 presis! Tre bilar. sundag heimekamp mot Åsane og så heimekamp att laurdagen etter. Midt oppi dette kallar me inn til spelarmøte måndag 15. nov kl 19.30 i idr.hallen - for alle i spelarstallen (16 år og oppover!). Oppsummering så langt og "kva gjer me vidare", og kva vil me (og då ikkje fyrst og fremst underteikna!).
08.11.10  Geir Arne og Erik  10.11.10 Geir Arne
Målfest på heimebane: 37-29 (18-14) mot NHHI2
Sundag kom fyrste heimesigeren, og ein ny målfest. Me sleit med å stoppa gode langskyttarar frå Handelshøgskulen, men makta å halda trykket og tempoet oppe. Dermed sleit me oss etter kvart frå og sikra ein solid siger. Godt jobba! Og no er det klart for ein god trenignsperiode før neste kamp, borte mot Nornen 11. november.
Lag (skåringar): Hege, Monica (12), Synne, Gro Kristina (1), Anna, Ingrid Helene (3), Anita (1), Thea, Ragnhild (3), Oda (2), Christine (2), Ingeborg (12) og Iselin (1).

24.10.10 Geir Arne
Ein kjempekamp mot BHK i Bjarghallen tysdag kveld!
Jubel for 25-41 etter 5 minutt??? Litt rot med lystavla, men elles ein kjekk kamp!
 
Tysdag kveld vann me 25-41 (9-19) borte mot Bergen HK2 i Bjarghallen.
- Stor innsats, stort tempo, knallbra forsvar, bortsett frå dei fyrste fem minutta i andre omgang. Mykje bra kontringsspel og mange fine innspel til strek.
- Skikkeleg laginnsats, men kanskje spesielt bra kamp av Ingeborg som storspelte både i angrep og forsvar.
Lag (skåringar): Hege (3), Monica (8), Anna, Ingrid Helene (3), Thea (1), Ragnhild, Oda (10), Christine (3), Ingeborg (11) og Iselin (2).
NB - Åsane slo Tertnes 2 i går kveld!
20.10.10 Geir Arne
Felles trening i haustferien mandag og onsdag
Idrettshallen er stengt veke 41, men me skal trena på Gymansset måndag: Møt ferdig oppvarma kl. 19.00 utanfor gymsalen (basistrening, Erik). Onsdag: gymsalen på ungdomsskulen kl. 19.00 (ball, forsvar mm, Geir Arne). Treningane er for alle som spelar på j16 og/eller kvinner 4. divisjon.

Forsvarsspel - hardt arbeid, i teori og praksis
 
Forsvar og forflytning - Korleis vil me ha det? Sjekk forsvarsspelet her
"Vi skal nå en tid fremover holde fokus på ulike forsvarsaksjoner. Å spille smart i forsvar vil ofte belønnes med kontringer. Denne uken ska vi se på Frankrike spille forsvar. Vi bør legge merke til det fotarbeidet og viljen til å forflytte seg samtidig har de kontroll over linjespiller. Det stråler av energi i dette forsvarsarbeidet. Her er det mye å lære. Lykke til."  Dette finn du under Linkar, trenignstips!
06.10.10 Geir Arne

 
Me har alt snakka ein del om forsvarsspelet....
Her har me ein del å henta både med tanke på taktikk og fysikk! Me er samde om å ta tak i dette. Det viktigaste er å orka og tora stå i vegen for motstandaren, flytta beina raskt nok, men her er og litt teori. Les og lær. Det er sjølvsagt ulike meiningar om kva som er best, rett osb, men me vil satsa på det enkle og effektive, med "snøplogen"  som pressar angrepsspelarane utover mot kanten - minst mogleg avslutningar frå sone 3! (Omsett og redigert av ga ein gong i førre århundre....) Sjå vedlegg her.

23.09.10 Geir Arne og Erik
Glad gjeng etter 25-30 (11-17) borte mot Askøy 2


Jubel i garderoben etter kampen. Her er dei ni som var med på fyrste sigeren denne sesongen (skåringar): Bak frå venstre Ingrid Helene (1), Ragnhild (4), Ingeborg (4), Monica (11), Christine (5) og Iselni (2). Framme frå venstre Thea (1), Anna og Hege (1). Godt jobba!
03.10.10 Geir Arne
Tap 23-31 (12-16) mot Tertnes 2
Onsdag kveld vart det tap mot rutinerte Tertnes-damer. Me heldt godt følge (tre mål bak fem minutt før slutt), men fekk aldri tak i kampen, og sleit heile vegen i forsvar. Periodevis var det liekvel mykje positivt, fine angrep og god innsats!
Laurdag er det nye sjansar, borte mot Askøy 2, men me må nok bruka litt tid og sveitte før ting fungerer, spesielt i forsvar. Avreise laurdag kl. 11.30 ved idr.hallen.
Laget (skåringar): Anna, Hege (2), Monica (6), Gro Kristina (1), Ingrid
Helene (1), Anita (1), Thea , Cristine (5), Ingeborg (4), RAgnhild (4)og Sigrid.

29.09.10 Geir Arne
35-24:  Stygge tal, men bra tendensar
Voss Handballklubb sitt lag i kvinner 4. divisjon tapte fyrste seriekampen borte mot Os 2 tysdag kveld. Det sto 35-24 på måltavla til slutt, etter 22-13 i fyrste omgang.
- Forsvarsspelet var greitt for dårleg i fyrste omgang, men det var skikkeleg skjerping i andre halvdel av kampen. Då vart og jobben lettare for Anna i mål, som ein periode stoppa fleire 100-prosent sjansar med flotte redningar. Me knappa faktisk inn på leiinga, før det rakna litt dei siste fem minutta.
- Laget produserer rikeleg med målsjansar, og viser i 2. omgang lovande tendensar i forsvar. Og positivt at samtlege utespelarar teiknar seg på skåringslista.
Laget (skåringar): Anna  Hege (1), Monica (3), Gro Kristina (3), Ingrid Helene (1), Anita (2), Thea (2), Christine (4), Ingeborg (6) og Iselinn (2).
Neste veke er det to nye kampar: Onsdag kveld heime mot Tertnes 2 og laurdag borte mot Askøy 2. Ein tøff start...........
22.09.10 Geir Arne
Nye "gamle": Geir Arne og Erik har teke på seg trenar- og lagleiaransvaret for Voss HK sitt lag i kvinner 4. divisjon sesongen 2010-2011.
 
Tøff sereiestart borte mot Os 2
I dag opnar damelaget serien med bortekamp mot Os 2. Skader og sjukdom fører til at me ikkje har så mange på startstreken, men me må gjera det beste ut av situasjonen. Os 2 vann stort i sin fyrste seriekamp, men no møter dei garantert sterkare motstand!!!  Avreise kl. 16.30, Voss idr.hall.
Trening i morgon. Då stiller både Erik og underteikna. To kampar neste veke!!!!
21.09.10 Geir Arne
Voss spelar i 4. divisjon neste sesong
Etter at BSI spelte uavgjort 23-23 mot Førde 27.03. er det klart at Voss HK rykker ned.
Med sju eittmålstap og fem uavgjorte kampar enda det slik:
 
 
1. Fyllingen 2 18 13 2 3 562 - 448 28
2. Askøy 18 13 2 3 517 - 450 28
3. Stord 2 18 10 3 5 464 - 433 23
4. Jotun 2 18 8 3 7 484 - 477 19
5. Gneist 18 8 0 10 438 - 432 16
6. Gloppen 17 7 1 9 425 - 436 15
7. Kjøkkelvik 2 17 6 3 8 456 - 485 15
8. BSI 18 4 4 10 456 - 485 12
9. Voss 18 5 2 11 409 - 427 12
10. Førde 18 4 2 12 359 - 497 10

 28.03.10 Geir Arne

Tap 22-30 (17-12) mot Askøy- tape 5-18 i andre omgang......
 
 
Nokre bilete frå 1. omgang 09.01.2010 - m.a. strafferdning av Hege.   Foto: Geir Arne
Askøy måtte slita mot Voss, og Hege som storspelte i mål
 
Frå bortekampen mot Askøy. Foto: Askøyveringen
 
Les kva lokalavisa på Askøy skriv om kampen generelt, og Hege spesielt! -her
Klar siger i siste heimekamp - nesten klar for opprykk?
 
 
Monica gjennom låvedøra i NHHI sitt forsvar, etter pasning frå kaptein Christine (t.h.)
23.03.09   Foto: Geir Arne
Etter 21-21 (12-10) mot BSI er ingenting avgjort om opprykk 
Voss HK ligg på 2.plass (direkte opprykk i og med at Tertnes 3 ikkje kan rykka opp) og BSI kan få registrert tap i ein kamp dei ikkje klarte å stilla lag, så her er det mykje som ikkje er avgjort enno. Sjekk tabell!   Her er nokre bilete frå kampen mot BSI:      13.02.09 Geir Arne
 
Monica skyt, i stonga.....
 
Christine skyt like utanfor....  Det var trenden i starten av kampen, og starten av 2. omgang....
 
Christine i gjennom og skårar!
 
Laila gjennom på kanten, går ballen i mål?
 
Monica skårar på straffe. Alle foto: Geir Arne
 
Showkamp 14.12 VHK damer-FBK herrer

VHK sitt mannskap for dagen

FBK sitt mannskap for dagen,(Øystein det er berre tribune på eine sida i idrettshallen!)

Fotballklubben Voss sitt herrelag i 3 Divisjon stilte sporty opp til showkamp søndag 14.12. Det var full runde i idrettshallen for dei aldersbestemte laga denne dagen.Så dette vart ein fin sportslig julepresang frå damelaget og fotballklubben til medlemmane våre. Godt oppmøte på tribunen generelt var det og,me håper dei som vanlegvis ikkje ser håndballkamper i idrettshallen hadde ein fin opplevelse og ynskjer å komma tilbake ved seinare annledninger.Ein porsjon presitsje
stod på spel spesielt for oss som faktisk speler håndball,så tap var
uaktuelt.Så med godt med klister på ballen starta kampen med Vhk i
føringen frå start,etter 20 min. leda me 12-3 og dette gjekk nesten for
enkelt.Siste 10 min. av omgangen vart me regelrett kontra i senk og gjekk til pause med "kun" 16-13 ledelse.Var det mulig at fotball gutta hadde knekt håndball "koden" på 30 min?


Synne med hoppskudd finte foran Håkon og Bjarte med påfølgande gjennombrudd og mål.


 
 
Fbk med time-out i første omgang,var dette vendepunktet? riv lagleder Brita Marie seg i håret?
Årets 3 og første heimekamp
"Hege B - Gneist 2    22-21"


Hege B. dagens toppscorer med 22 mål.        (Fleire bilete nede på sida)

Årets 3 kamp og sesongens første heimekamp gjekk altså av stabelen i dag 12.10 mot Gneist 2.
Motstanderen vår hadde spilt 2 kamper før i år og tapt begge med forholdsvis klare sifre,så på forhånd såg dette ut som ein grei "transport etappe" . Stemningen i laget før kamp var bra og me var enige om at det var viktig å ta kontrollen frå start og ta motstanden på alvor.

Dei første minutta var forsåvidt godkjent og me gjekk tidlig opptil 6-2 ledelse,men derifrå og ut 1 omgang blir det mykje tekniske feil og dårlig forsvarsjobbing. Dette går samtidig utover humøret. Det er nå eingong slik at når ein stiller store krav til egne prestasjoner og dette ikkje slår til er det lett å gå litt sur.Noko me kan ta lærdom av?
Trur ikkje me skal dvele noko særlig meir over dette. Pauseresultat 14-10 ledelse.
Me brukte pausen på å få opp igjen humøret,blei enige om å gå på banen som om kampen starta på nytt og rette på alle små feila. Dette samtidig som me la Hege B ut i 5-1 gav tydelig resultat. Ein skulle tru det var eit heilt anna lag som kom på banen til 2 omgang og dette var det laget eg kjenner. Gneist parkerte me tidlig og det var i grunnen berre snakk om kor mange mål me og Hege B skulle scora. Sluttresultatet 47-21 snakker vel for seg sjølv,og når då Hege B stopper på 22 mål derav 18 i 2 omgang ja så er det vel berre å ta av seg hatten, pakka bagen og nyta ein bedre søndags middag.

I og med at det vart fokus på dommarane forrige helg i negativ retning,syns eg det er på sin plass å skryta litt denne gongen. Dommer for dagen Karsten Hjørnevik Solheim har definitivt kontroll over kampen og dømmer med naturlig autoritet.Dessuten skader det ikkje å ha eit smil på lur. Vel blåst.

Spelara og mål for oss:
Lise (mål)
Jorid (mål)
Hege B    22
Monica     9
Christine  5
Rakel       4
Hege G    4
Gøril        2
Synne      1
Torhill
Jorunn
Laila
 

Bernt

 
 
 
Bernt etterlyser meir kvalitet på slutten av fyrste omgang, og fekk svar i andre omgang...
Foto: Geir Arne
Tap 24-30  (13-12) mot Os2, men gode nok for opprykk!!!!
 
Ingrid i gjennom tidlig i 1. omgang  03.02.08. Foto: Geir Arne
 
Hege har finta seg fri mot Os2. Foto: Geir Arne
 
Kari rushar inn eit mål i fyrste omgang mot Os2.   Foto: Geir Arne