Ansvarlege jenter 17-20 år:
Trenar:  Monica Bakketun
mob: 957 50 039
Oppmann:  Olav Auro og Wiviann Tho
mob: OA 992 03 479 WT 993 15 596
 
Treningstid i Voss idrettshall:  måndag kl 19:00-20:00
Regionsserien Jenter 20-01 (dobbel serie)

Køyring til bortekampar for J-20 haust/vår 2011-12
Visst nokon ikkje kan køyra bytt innbyrdes. 

 

Dato

Hall

Sjåfører

12.11.11

 

Berit, Thea

04.12.11

 

IHSK, Vilde, Sigrid

14.12.11

 

Anja, Berit

20.12.11

Åsane

Anja, Iselin, Oda

14.01.12

Landås

Berit, IHSK,

29.01.12

Mathopen

Synne, Torhill, Thea

 

05.03.12

Åstveit

Torhill,Sigrid, Oda

 
Fredriksatd Cup 2011 
 
SØNDAG, Andre kampdag:
I dag var det J15 som var fyrst i elden. Dei møtte Runar, som til slutt blei puljevinner. Dette var ein kamp som eg trur jentene allereie har lagt bak seg. Runar var eit godt lag, og stillinga vart til slutt  22-2.

 
Den andre kampen var eg diverre ikkje tilstade, grunna tett kampprogram, men J15 sjølv seier at dette var den bestekampen dei har spelt her. Det var jamt i starten, men Slitu drog sigeren i landog vann med 5-6 mål. Anna stod fram og gjorde ein god jobb. Kristin og Ina har gjort ein god jobb heile helga!

J17 sin fyrste kamp blei einvegskøyring. Det var ikkje mange mål til motstandarane våre, Skarnes. Me jobba som eit lag, og drog sigeren i land med god margin. Ingrid Helene toppskårar og Anita hadde flest målgjevande pasningar. Anja gjorde ein kjempe jobb i mål, og Sigrid kasta seg etter ballane som om dei var diamantar. Berit hadde fleire flotte sperrer som førte til nokre flotte mål. Resultatet på tavla etter dommaren hadde blåst i fløyta var 19-6 i vår favør. Etter kampen kjem det frå Bernt at me har aldri spelt så bra før.

I den andre kampen stod det om A eller B sluttspel. Me var veldig gira på å vinne denne kampen, og me kom fort opp i leiinga. Litt utover i omgangen var det plutselig me som låg bak. Denne kampen var ein fortsettelse kvalitetsmessig frå kampen tidligare på dagen.  Etter kvart fekk me tetta godt bak, der Anja tol mange skudd som me ikkje klarte å stoppa, men me klarer ikkje å sette sjansane våre i mål. Me klarer ikkje å hente dei to måla på slutten og det ender 15-13. Me ynskjer Nidelv lykke til vidare.

Eg må skrive eit avsnitt om den fantastiske heiagjengen som har våre med oss denne helga. Dekan overgår alle! Heile tribunen full av folk frå VOSS. I den siste kampen overgjekk de dekan sjølv.  Ein heil gjeng med foreldre, søsken og vår kjære bestemor Gerd. 17stk pluss nokre lokale slektningar, og ikkje minst Tore Hassel med hornet sitt. Det er ikkje berre denne helga, men også igjennom heile sesongen!

Viss noko ikkje har fått det med seg, har me denne helga spela tre kampar kvar på kunstgras. Banane var noko mindre enn inne i ein idrettshall. Dette var toppers då sola var framme, men då regnet kom var dette ikkje noko å anbefale.Dette var også fyrste gongen me spelte på kunstgras for begge lag.

Turneringa er ikkje heilt over endå! I morgo skal J17 spela B-sluttspel. Vinn me den fyrste kampen må me ta eit val om me skal reise heim med toget slik me skal og droppe finalen, eller om me skal vere igjen og ta nattoget frå Oslo måndag kveld.

Iselinn

Fredikstad Cup!
LØRDAG, FØRSTE KAMPDAG:

J17 starta med siger i sin fyrste kamp idag. På motsatt side av banen stod Marnadal. Resultatet som kom inn på nettsida til Fredrikstad Cup  viser at me vann 14-1, slik er det nok ikkje. Stillinga vart 14-12. Me starta bra, før me kom inn i ein litt dårlig periode og havna tre mål bak. Det må seiast at me for fyrste gong spelte handballkamp på kunstgras!! Opplevinga var grei heilt til det begynte å regne.

I den andre kampen møtte me eit lag som etter min meining me kunne slått på ein god dag, men me hadde nok ikkje ein god dag i denne kampen. Det blei mykje tull framover og bakover. Kristin(J15) kom inn og gjorde ein god jobb. Resultatet enda til slutt 18-9 i Asker sin favør.

J15 møtte Torp 2 i sin fyrste kamp i dag. Det gjekk lit treigt i starten, og låg under 5-0. Jentene starta opphentinga, og ein kunne sjå at spelet satt meir og meir utover i kampen. Diverre klarte dei ikkje å hente inn igjen alle måla. Men dei gjorde ein god jobb som låg grunnlaget for ein god kamp seinare på dagen.

Den andre kampen blei ein mållaus kamp. Det fyrste målet kom etter 10 min. Jentene jobba hardt, og alle spelte ein god kamp. Eg vil spesielt draga fram Ina som stod i mål, og Liv og Ingrid TH som gjorde ein god jobb i sine posisjoner. Som sagt var dette ein mållaus kamp der bortelaget vann 4-2. Jentene hadde fortjent ein siger i denne kampen, for dei var det klart beste laget på banen.

Grunna litt lite oppdatering har eg diverre ikkje fått med meg resultatet frå J15 sin fyrste kamp, eller ikkje kven som var motstandaren deira i den andre kampen. Beklagar.

No er alle ferdig dusja, og me er klare for ein tur i sentrum. Nokon skal på konsert med Karpe Diem viss dei rekk den. J17 skal i alle fall på restaurant og ete ein god VARM middag.


Iselinn
Hei alle  handballvener!!


No er me ankomen Fredrikstad, og Kråkerøy skule. Turen tok no si tid, men vel framme er alle glad. Den fyrste kampen i morgo er kl 1130 mot Marnadal frå Kristiansand. J15 sin fyrste kamp er 1220 mot Torp 2. Me er sjølvsagt glade for alle føresette som har teke turen for å heie på oss. Og så må me sjølvsagt  senda ei helsing heim til Vilde som er sjuk. Du er eit stort savn.

Då tok me kvelden her, og fleire oppdateringer kjem her både for J17 og J15 slik at alle dekan fans heima kan følgja med :)

http://www.fredrikstadcup.no/nett/sider/index.php?s=

Venleg Helsing Iselinn
17.04 2010 kl. 10.50Fyllingen 3 Voss i Framohallen.
 
Søndag 14.03.2010 Bønes - Voss 17-17 (10-9) 
Visst nokon ville lage ein spennings film var dette dagen til å få ideen, meire dramatikk kan ein ikkje få. Me visste at med uavgjort var me seriemeistra. Då tida var ute låg me eit mål under, men hadde 7 meter. Då Iselinn sette den i mål eksploderte jentene, støtteapparat og "fans" ut i vill idretts glede. 14 kampars hardt arbeid var over. Dette har vore ein sesong der laget har utvikla seg sporsleg og nok dratt nytte av og samarbaida med J16 og damelaget på trening.
Spelarar som var med:
Anja, Ragnhild(7) Ingrid Helene (1) Sigrid, Vilde (3) Iselinn (4) Heidrun,Berit, Anita (2)
16.03 Olav
 
14.02.2010 Voss-Sandviken 32-20 (17-10)
Så var ein avgjerande siger mot Sandviken sikra. Dette gjer at siste kampen mot Bønes blir avgjerande for at det skal bli ein fullkomen sesong med tabelltopp. No kan me avgjere alt sjølv, og visst jentene spelar som dei gjorde i dag er moglegheiten stor for at det kan gå den vegen
:-)  Uansett kor det måtte gå vidare har dette laget vist stor framgang og eit stabilt flott sportsleg nivå
Spelarar som var med:
Anja,Ragnhild(8) Ingvill (3) Sigrid(1) Vilde(3) Iselinn (7) Heidrun (1) Berit (3) Anita (6)
14.02 Olav
 
 
09.02.2010 Gneist - Voss 7-30 (5-16)
Når ein reiser til Bergen på ein tirsdag kveld er det like godt og gjere det med stil.
Dette var ein makt demostrasjon av dimensjoner, Gneist jentene sleit med å få spelet sitt til å sitte mot eit tøfft vossa forsvar. Jentene våre leikte seg på bana og varta opp med det meste som kan gjerast med ein handball, kjekt å sjå.
Spelarar som var med:
Anja,Ragnhild(9)Ingvill,Sigrid,Vilde(3)Iselinn(10) Heidrun(2) Berit(3) Anita(3)
10.02 Olav
 
07.02.2010 Sotra - Voss 21-19 (13-10)
Dette var på mange vis eit feilskjær, men me reiser oss......!
Spelarar som var med:
Anja,Ragnhild (7),Cathrine,Ingrid Helene,Vilde (2),Iselinn (6),Heidrun,Berit (4) Anita,Maren
10.02 Olav
 
30.01.2010 Voss - Bønes 19-18 (12-7)
Det er vanskelig å finne fram nok "god ord" etter ein sånn kamp. Her var det spenning og dramatikk som er ein toppkamp verdig. Bønes jentene fekk seg ein real vekkar spesielt  i 1. omg. Me fekk litt problem med å finna målet i 2. omg, men nok ein gong var jentene det sterkaste laget med imponerande moral og humør. 
Spelarar som var med,
Anja, Ragnhild (6),Ingvill (1) Ingrid Helene,Sigrid,Vilde (1)Heidrun (1)Berit (1)Anita (4)Iselinn (5)
31.01 Olav
    
10-01-2010 Odda - Voss 14-18 (9-12)
I bitande kulde og glatte vegar drog med til Odda. Og dette blei ein kamp med nerve i heilt til det stod 5 min igjen. I det store og heile var dette ei grei gjenomkjøring, men i starten av andre omg. kom Odda farleg nær. Me var kanskje litt overtente og brente ein del 100% sjansar, og det blei ein del feil pasningar i kontraspelet.
Men nok ein gong viste dette laget kva som bur i det, Odda spelte tidvis litt for tøft og våre jenter stod der med sundrivne blå vestar og freste i "timeouten" me tok.
Moralen blei at me "hevar oss" over stygt spel og konsentrerar oss !!
Dette var nok til å dra ein fin siger i land igjen.
Spelarar som var med:
Anja, Ragnhild (6), Ingrid Helene,Sigrid,Vilde (1),Iselinn (8),Heidrun,Berit (2),Anita (1)
10.01.10 Olav
 
 
 
 
Klar siger heime
mot Odda: 23-16
 
 
 
 
 
Foto: Geir Arne
GOD JUL til alle frå Bernt, og støtteapparatet.
 
19.12 Voss - Nordnes-Viking (NV) 34-14 (14-8)
Fin julegåve frå jentene våre dette, tok da litt roleg i starten so tok det av spesielt i 2.omg vart NV nesten statistar.
Måla kom av: Ragnhild (6) Ingrid Helene (3) Sigrid (1) Vilde (3) Iselinn (8) Heidrun,Berit (3) Anita (10) Anja.
 
12.12 Bjarg -Voss 7-31 (2-16)
Dette var vel ein kamp der det var om og gjera og få best mogeleg målforskjel. Og sjølv om resultatet ser flott ut ville kanskje jentene hatt det endå litt betre? Men på ein dag der me kanskje ikkje var meir en ca. 80% effektive er det absolutt godkjent.
Måla kom av:
Ragnhild (9) Ingrid Helene (2) Anita (7) Berit (2) Vilde (3) Ingvill (6) Sigrid (2) Anja (redda 2 av 3 straffer)
16.12 Olav
 
06.12 Nore Neset (NN) - Voss 14-25 (6-14)
Etter noko venting pga manglande dommar kom med endeleg i gang. Var NN på revansje jakt etter tapet før i sesongen? Dei starta tøft, men etter ca. 1 min overtok Vossajentene kommandoen. Og sånn blei det stort sett heile kampen. Me bytta litt på plassane og det såg ut til å fungere bra, kan nok være at erfaringen i laget gjer det er mulig og "om møblera" litt utan at det   forandrar innsatsen særlig.
Måla kom av:
Ragnhild (6) Ingvill (1) Ingrid Helene (2) Sigrid, Vilde (1) Iselinn (7) Berit (2) Anita (6)
Anja
06.12 Olav
 
05.12 Voss - Odda 23-16 (13-7)
Dagens toppkamp endte med ein flott siger mot eit godt Odda lag.
Jentene satte standarden alt i frå starten av, forsvaret fungerte godt. Me visste at Odda hadde gode spelarar som krevde det beste av oss. 1.omg var Voss sin stort sett heile tida. Men 2.omg starta dårlig og Odda nærma seg faretruande. Det tok 10 min før me igjen tok føringa i kampen. Odda hadde eit godt organisert forsvar og lot seg sjeldan spela ut. Det var som vanleg jevnt over gode prestasjoner av alle jentene, ei som fekk mykje juling var Berit på strek, det medførte at i store delar av kampen var det to Oddingar som kriga mot ho, denne kjempinga gav dei andre avslutnings muligheiter. 
Måla kom frå:
Ragnhild (7) Ingvill (1) Ingrid Helene (1) Sigrid,Vilde (1) Iselinn (11)Heidrun,Berit,Antia (2) Anja (årsbeste?)
Det er trygt og ha gode og stabile målgjevarar me kan stola på i alle kampar, men me skal ikkje gløyma dei som ikkje kjem scorings lista, men som jobbar knallhardt i forsvar, som for.eks Sigrid og Ingvill med fleire. veldig godt jobba.
Til slutt; Heidrun, Heidrun kor uheldig går det an å være ?  Heile laget ynskjer deg det aller beste håpar det ikkje var alvorleg.  
05.12 Olav
 
28.11.09 Voss - Gneist 3 26-15 (10-9)
Kampen i dag mot Gneist 3 førte til ein oppskriftsmessig klar siger,ein kamp der me ikkje speler direkte bra kollektivt. Laga følgjer kvarandre gjennom heile første omgang der me går til pause med 1 måls ledelse 10-9.Me "lar" Gneist henge med til pause som ein følgje av for lite intensitet og arbeidsvilje i forsvar.
Dette snakker me om i pausen og får satt ut i praksis i starten av 2.omgang.God jobbing bakover og kontringer anført av Iselinn og Ragnhild medfølger at me jevnt og trutt øker ledelsen og vinn komfortabelt 26-15.
spelara og mål for oss:Anja,Iselinn 9,Ragnhild 9,Anita 3,Berit 2,Ingrid Helene 2,Vilde 1,Sigrid,Heidrun,Ingvill.

I serien er det 3 lag som skiller seg frå dei andre i toppen Odda,Bønes og sjølvsagt Voss;)

 
14.02.2010 1300 Voss- Sandviken
21.02.2010 1450 Voss- Bjarg Avlyst
14.03.2010 1740 Bønes- Voss


 
 
Godt oppmøte på kamp i helgen. 15/11-09
 
 
INFO.
Styret vil at me skal ha alle spelarlisensar samla, kan alle spelarane ta ein kopi av sin lisens og gje til meg så kan eg oppbevara dei visst me skulle bli kontrollert.
18.11 mvh Olav
 
15.11.09 Voss - Nore Neset 28-14 (15-6)
Dette blei ei grei gjennomkjøring frå jentene. Det starta litt trott, (holdt på å bli eit par "parkeringsbøter" :-) men så økte tempoet og det tekniske spelet satt og førte til ein sikker og komfortabel siger.
Ingvill (4) Ragnhild (7) Berit (2) Ingrid Helene (3) Sigrid,Vilde,Anita (1) Iselinn (9) Cathrine (2)Maren,Heidrun, Anja (redn.% 67) 
Flott at Maren og Cathrine kunne være med og Heidrun; hjertlig velkomen tilbake etter skade :-)
17.11 Olav
 
08.11.09 Sandviken - Voss 17-19 (13-11)
Med lørdagens tøffe kamp i kroppen var me spente på kva me kunne klare mot Sandviken som me viste var eit godt lag. Det begynte som me venta med eit høgt tempo, men jentene nekta og la seg overkøyra og klarte å henge med i 1.omgang med mål frå distanse, ving og strek.
I pausen bestemte jentene seg for å gira opp eit hakk og det gjorde dei til gangs! Med eit forsvarspel som var av høgaste klasse og ein målvakt som var i det umulige hjørnet klarte Sandviken kun å score 4 mål i 2.omg. og i tillegg var me effektive i angrep. Kjempe bra jenter.
Anita (3) Berit (4) Sigrid,Ingvill, Vilde (1) Iselinn (8) Ingrid Helene (3) Anja.
08.11 Olav
 
 
07.11.09 Voss - Sotra 3  26-25  (12-11)
Det blei eit dramatisk møte med Sotra 3 denne lørdagen. Ein kamp som utvilka seg til å bli ein tøff batalje. Me leia med 1 mål til pause, ein pause der enkelte av jentene måtte ty til tårene etter harde duellar både i forsvar og angrep. Spelemessig var det alt frå topp handball til litt rufsete spel. Nokre av spelarane virka tidvis slitne og litt ufokuserte. MEN i slutten av kampen viste jentene seg oppgåva vaksen og sikkra sigeren med sjumeter mål i det siste sekundet. I og etter kampen kom dommaren i fokus, her kan det være forskjellige oppfatningar av rett og gale i kampens hete, men dommaren dømmer. Alt i alt vandt det beste laget, der jentene sjølv viste flott sportsleg kampmoral, ein klar lag siger !!
Berit (2) Anita (3) Iselinn (7) Ingvill (2) Vilde (1) Ragnhild (7) Ingrid Helene (4) Sigrid, Anja
07.11 Olav
 
NB. Ny kampdato mot Bjarg.
Den som skulle spelast laurdag 14.11.09 er flytta, ny dato: Bjarg-Voss J15 laurdag 12.12.09 kl 12.20
26.10 Olav
 
 
Sesongopning med knall 17.10.09
Nordnes/Viking - Voss 15-27 (6-14 1.omg)
Det var spente og kampsugne jenter som reiste til Bergen, og dette vart ein kamp dei styrte frå start til slutt.Mykje fint overgang spel med innøvde trekk satt bra og resulterte i mange fine mål, og få tekniske feil. Nordnes/Viking var ikkje noko dårleg lag, dei hadde høgt tempo i sitt angrepspel og hadde to gode skyttera. Men forsvaret fungerte godt og keeperen vår stod i stil med resten av laget.
Med kun ei på benken var det ein sliten og glad gjeng som sesong debuterte der alle kom på scoringslista.
Ragnhild (6) Iselinn (9) Anita (3) Berit (2) Vilde (2) Ingrid Helene (4) Ingvill (1) Anja.
18.10.09 Olav
  
Seriestart J16 sundag 25.10. med heimekamp
J16 spelar sin fyrste seriekamp sundag 25.10. mot Knarvik i Voss idrh. kl. 15.00. Kampen som var oppsett laurdag, borte mot BHK, er flytta til tysdag 27.10. kl. 18.45 i Landåshallen. Me kjem tilbake til reiseopplegg og lag, men må rekna med avreise 15.50 grunna vegstenging/arbeid på E16. Meir info om lag og dei to kampane på sida Jenter 93.
16.10.09 /  20.10.09 Geir Arne
 
Måndagar
vert det felles oppvarming med damene frå kl. 18-19, så eigen trening for J15-J16 19-20.
10.09.09 Geir Arne
Cupen i Førde
Folkens sjekk startsida og sida til J16 for info om cupen.

Bernt
J16 trenar for seg måndag kl. 19-20 (93-94-95 årgang) og nokre onsdagar 19-20.* Desse treningane vil Geir Arne og Erik ha ansvaret for. Begge kjem til å delta på ein del av dei andre fellestreningane og - Erik er på trening onsdagane. (NB neste måndag -07.09.- er det ikkje J16-trening, men felles, og så eigen trening onsd 09.09. 19-20).
*Avtala på trenarmøte med styret 19.08.09
24.08.09  31.08.09 Geir Arne
Sesongstart med cup i Førde
11.09, 12.09 og 13.09.2009 skal J 13, J 15, J 16 og K03 spela turnering i Førde. Me har meldt på lag i J 13, J 16 (med spelarar frå årgangane 93-94-95) og K03. Det er ordna med felles buss. (Asbjørn er som alltid sporty og stiller opp!) Avreisetidspunkt samt annan info vil komma noko seinare.
 
Spørsmålet om trenar/lagleiar for J15 og J16 skal avklarast mellom sportsleg leiar og aktuelle/tidlegare trenarar komande veke. Jentene i årgang 93-94-95 utgjer spelarstallen for j16. Årgang 94-95 spelar j15.
16.08.09 Monica/Geir Arne
Me trenar måndag og onsdag som vanleg siste veka før Påske (ikkje fredag). Spelarmøte måndag 20. april kl. 18 (før trening kl 19). Tenk gjennom kva du/me vil neste sesong? Og kva med trening, cup/treningskampar i vår?
29.03.09 / 01.04.09  Geir Arne / Bernt
 
Det vart både dramatisk og spennande då J14 spelte heimekamp i dag, mot Lyngbø. Laget stilte med berre sju spelarar, og tidleg i kampen måtte ein gje seg med skade. Med kjempeinnsats av heile gjengen berga dei likevel sigeren.
Ti minutt før slutt fekk heimelaget Anita utvist, på stillinga 10-8. Det vart 10-10, men Anja varta opp med den eine redninga etter den andre, og då Anita kom innpå att rusha ho likegått inn to mål, den eine på ein perfekt rush-pasning frå Anja, slik at det sto 12-10 til det sto att 15 sek.
08.02.09 Geir Arne
Dramatikk og spenning, og ein spelar for lite,
men det heldt til heimesiger 12-11
 
 
Hektisk mot slutten.  Iseliinn prøver seg med eit langskot.....
 
 
Anita rushar igjen og set ballen sikkert forbi målvakta: 12-10! Sigeren sikra!
 
Målfest
 
15-32 borte mot Tysnes sundag 04.01.09
Her er ein blid gjeng etter kampen.
 
Foto: Torbjørn
Julecupen 2008 - sjå bilete og resultat her
29.12.08  Geir Arne
Julecupen 2008  kampopsettet finn du her  Meir info her
Me stiller eit lag i J15  (årg 95-93), pulje 3. Innleiande sundag 28.12:
17.33  VHK-Årstad2 8-15
19.00 Bjarg - VHK 11-10
20.34 VHK - Askøy 2  14-6
Dei to beste går til mellomrunde (3 kampar) og event. semifinale 29.12.
Finalen går tysdag 30.12.
 29.12.08  Geir Arne
 
Skulecup 2009 - måndag 19. januar i Flaktveithallen. Meir info her.
23.12.08 Geir Arne
 
Voss - Fana3   12 - 10
Det vart ein spanande kamp i Voss idr.hall. To jamne lag, som begge gjerne ville vinna kampen. Laga låg ganske likt heile kampen gjennom, til pause var stillinga 4 - 5, men til slutt var det heimelaget som greidde å hala seieren i land, hurra! Bra jobba, jenter!
Spelarar og scorinngar i parantes: Anja, Ragnhild (6), Ingrid Helene, Sigrid, Iselinn (3), Berit, Anita (2) og Vilde.
 
Nett no ser tabellen slik ut:
Nr
Lag
Kamper
V
U
T
Målforskjell
Poeng
1.
Gneist 3
8
7
0
1
174
-
111
14
2.
Voss
8
7
0
1
194
-
90
14
3.
Fana 3
6
5
0
1
88
-
63
10
4.
Kjøkkelvik 2
8
4
0
4
121
-
127
8
5.
Lyngbø
6
3
0
3
103
-
82
6
6.
Askøy 2
7
3
0
4
118
-
143
6
7.
Fyllingen 2
5
2
0
3
76
-
94
4
8.
Tysnes * (D)
7
0
0
7
96
-
175
0
9.
Lindås
7
0
0
7
63
-
148
0
 
30.11.08 Kari
Askøy2 - Voss  13 - 29
Visste det var noko eg hadde gløymt! Ein rapport!!!!
 
Sundag som var, kl.09.30, hadde me avreise frå Voss. Klar for ein ny kamp. Klar for ein kamp som me trudde skulle bli nokolunde jamn, ut ifrå laget me møtte i fjor. Men slik vart det ikkje. Jentene gjorde nok ein formidabel kamp i forsvar og mål, kunne dermed springa Askøy i senk. Jentene vart fora av mange fiiiine langpasningar frå Anja. Angrepet sitt rimeleg bra. Fekk til mange flotte mål og, men er det noko det lyt jobbas litt med er det denne biten.
 
Spelarar og scoringar i parantes: Anja, Ragnhild (8), Anita (6), Ingrid Helene (1), Sigrid (1), Iselinn (5), Berit (3), Ingvill (2) og Vilde (3).
 
 
No ventar 3 heimekampar før me tar juleferie....eller nesten. Litt handball blir det jo ettersom me skal spela Julecup i Haukelandshallen. Meir info om dette kjem, men håpar flest mogleg foreldre kan stilla som sjåfør og heiagjeng den dagen. Eller kanskje det vert dagane?
 
Og ellers.....om ikkje jentene har sagt noko heime.... Bernt kjem til å overta laget no når eg etterkvart trappar ned. Litt vemodig, men eg lyt prioritera andre ei stund. Lukke til, alle saman!
 
19.11.08 Kari
Nøgd gjeng etter klar bortesiger mot Lyngbø 09.11.08


Foto: Torbjørn

Godt gjennomført kamp av jentene i Laksevåghallen mot Lyngbø.
Spesielt innsatsen i forsvar sammen med Anja i mål som var vår beste spelar for dagen var ein god oppskrift for seier. Å berre sleppe inn 9 mål mot dette laget er ikkje mindre enn imponerande. Sluttresultat Lyngbø - Voss 9-16
Spelara og mål for oss:
Anja (mål)
Ragnhild  5
Iselin       4
Berit        4
Anita       3
Vilde
Sigrid
Ingvild
Heidrun (hjelpetrenar.)

Bernt
Heimesiger mot Lindås
 
I dag var det kamp heime i hallen mot Lindås. Grunna skadar var me i dag kun 8 spelarar, men det satte ikkje demper på forventningane. Det var aldri tvil om kor sigeren skulle enda, sjølv om både jentene og underteikna er enige om at dei ikkje spela på sitt beste. Det var ikkje tett i forsvaret, og som jentene bemerka sjølve, det var lite futt i beina i dag. Men trass i alt, jentene gjorde jobben sin bra og me vann 26 - 8, 15-3 til pause.
Spelarar og scoringar i parantes: Anja, Ragnhild (5), Anita (7), Sigrid, Iselinn (8), Berit (3), Ingvill (2) og Vilde (1)
 
02.11.08 Kari
Ny kjempesiger: 40-9 på 2x20 min!!!!
 
Treng vel ikkje seiast so mykje, resultatet og bileta til Geir Arne seier det meste.... Spelarar med scoringar i parantes: Anja, Ragnhild (8), Ingrid Helene (4), Sigrid (1), Iselinn (12), Berit (2), Anita (6), Ingvill (4) og Vilde (3).
 
Her er nokre bilete frå heimekampen mot Tysnes, der gjestene tok leiinga.....
 
 
Foto: Geir Arne
Då var sesongen virkelig i gang!
 
Sesongens andre kamp spela me i dag, laurdag 18. oktober, i Fyllingsdalen Idr.hall. Det var Fyllingen som scora det fyrste målet og leia dermed kampen 1-0....men det var einaste gongen Voss låg under. Anja stod godt i mål, jentene spela godt i forsvar og trykka på framover. Då dommaren blas av for 1.omgang viste lystavla 4 - 18. Me senka skuldrene og kunne ta andre omgang meir med ro, men jentene ville meir enn å ta det med ro og sa at Fyllingen ikkje skulle få scora meir enn eitt mål i 2.omgang, totalt 5. Underteikna meinte at eit betre mål var max 10......so feil kan ein ta. Då 2x20 var spelt viste tavla 6 - 33. Jentene hadde meir trua på seg sjølv enn trenaren, herlig!!!
 
Spelarar og scoringar i parantes: Ragnhild (8), Ingrid Helene (3), Anita (3), Vilde (1), Anja, Berit (1), Sigrid og Iselinn (17).
 
I morgon er det full rulle igjen mot Tysnes her heima i hallen.
18.10.08 Kari
God sommar, jenter!
 
Ferietid!!!!! Som Geir Arne skriv på forsida, lurt å halda seg i aktivitet i ferien. Dess meir du leikar med ballen i sommar, dess lettare vert det å koma tilbake til ein ny sesong til hausten.
 
Ei lita påminning......alle skulle levera drakta si etter denne sesongen. Dei som ikkje har gjort det, ta den med på fyrste trening til hausten, måndag 18. august.
 
Ha ein fin ferie!
 
27.06.08 Kari
Trening fram til sommarferien 
Det vert felles trening onsdag og fredag kl. 15-16.30 for årgangane 93-94-95.
28.04.08  Geir Arne/Kari
 
 
Glade jenter etter heimesiger i Voss Handball Cup 2008. Gratulerer!!!  Foto: Geir Arne
Dobbelkamp laurdag 9. februar
 
Fyrste kamp gikk i Mongstad Idr.hall mot Lindås. Her stilte me med 7 jenter og var innstilt på å bruka minst mogleg krefter, men sørga for seier. Resultatet vart 4-20 i vår favør. Ein flott kamp av jentene og Ingeborg hadde ein strålande dag i mål! Spelarar med scoringar i parantes: Ingeborg, Heidrun (5), Ingrid Helene (1), Anita (4), Ragnhild (4), Berit (1) og til slutt rush-spesialist Ingvill (5).
 
  Jentene etter Lindås-kampen
 
Den andre kampen gikk i Flaktveithallen og her kom dei to siste jentene heseblesande nett før kampstart. Me skulle me møta Salhus, med deira berykta skyttar. Jentene gjorde ein strålande kamp! Dei spela til tider fabelaktig forsvar og gjorde kampen der. Målvaktene våre, Ingeborg og Anja, gjorde igjen ein strålande kamp og stoppa ein god del av dei forventa langskudda! Hadde me satt litt fleire av målsjansane våre hadde det som enda med 16-15 tap vore ein klar siger. Spelarar med scoringar i parantes: Ingeborg, Anja, Ingvill (2), Heidrun (4), Ragnhild (3), Anita (1), Berit, Ingrid Helene (2) og Iselinn (3).
 
Tabell pr. i dag:
Nr Lag Kamper V U T Målforskjell Poeng
1. Voss 11 8 1 2 224 - 119 17
2. Gneist 1 10 7 1 2 133 - 94 15
3. Askøy 2 10 7 0 3 148 - 102 14
4. Salhus 2 10 6 1 3 148 - 161 13
5. Knarvik * 10 3 0 7 98 - 161 6
6. Lyngbø 9 2 1 6 130 - 124 5
7. Lindås * 10 0 0 10 69 - 189 0
10.02.08 Kari
Julecupen 2007
27.12.  kl. 14.14  Fana - VHK   10-7
27.12.  kl. 15.51   VHK - Årstad  8-14
27.12.  kl. 18.58  VHK - Sandviken  4-5
Laget var eitt mål frå å gå vidare som nr. tre i gruppa!  Sjekk  meir resultat på BHK sine sider
NB fyrste trening er onsdag 2. januar!!
28.12.07 Geir Arne
 
Torsdag 27. desember, 3.juledag, er det bytur. Oppmøte kl.10.45 ved idr.hallen! Les meir info frå Tor Ivar her.
Askøy 2 - Voss  15 - 18     
 
Heldigvis var det kamera med på tur! Her er gjengen etter seieren over Askøy 2, laurdag 8. desember, siste seriekamp før jul. Gratulera!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

TETT KAMP MOT SALHUS

Sundag 11. november spela me heimekamp mot ein annan tabelltopp, Salhus. Det vart ein tett og spanande kamp, til pause låg me under med 12 - 14. Når sluttsignalet gikk var det klart at me hadde greidd å hala det i land, tavla viste 25 - 23 til heimelaget. Utruleg flott innsats av alle jentene og ein herleg snuoperasjon etter eit kjedeleg tap 10 - 9 for Gneist dagen før....
 
Spelarar i Salhuskampen, med mål i parantes: Anja, Ragnhild (3), Anita (3), Sigrid, Iselinn (7), Heidrun (7), Berit (4), Ingeborg og Ingvill (1).
12.11.07 Kari
 
STORSIGER MOT KNARVIK
Laurdag 22. september var me i Norhordlandshallen og spela kamp mot Knarvik. Litt spente før avkast, men nervene forsvann fort og jentene spela kjempegod handball. Skulle so gjerne hatt litt bilete frå kampen, men det har me diverre ikkje. Eit lite tips til heiagjengen neste gong...lika mykje lyd og litt fleire bilete!
 
Kampen enda med siger 4-24 og spelelista var som fylgjer (med scoringar i parantes): Berit (4), Heidrun (2), Anja (2), Ingeborg, Iselinn (9), Sigrid, Ragnhild (4) og Anita (3). Ved pause var stillinga 4-14.
24.09.07 Kari

Årdal Cup 07:
 
Heia Voss!
 
Bak frå venstre:
Ragnhild, Anita, Anja, Ingrid Helene, Iselinn og Heidrun.
Framme frå venstre:
Berit, Ingeborg, Invill og Sigrid.
Foto: Geir Arne

Eit jublande J13-lag i Øvre Årdal sundag 02.09.07. Voss HK vann cupen både i klasse J13 og J14. J13-laget vann alle sine kampar: 10-2 mot Bjørn II, 4-3 mot Bjørn I, 9-8 mot ÅTIL, 5-1 mot Jotun I og 9-1 mot Jotun II. Meir info og resultat finn du her (ÅTIL) og her (Jotun).
 
J13 i kamp mot ÅTIL laurdag kveld- ein spennande kamp som enda med siger 9-8.
Ein ny sesong er i gang!
 
Snart er det kamp igjen. Her eit bilete frå sist gong - Heidrun og Anja i aksjon i Voss Handball Cup 2007. Om nokre dagar skal J13 og J14 til Årdal Cup- me reiser fredag 31. Fyrste heimekamp vert sundag 16. september.
27.08.07 Geir Arne