Trenarar: Hilde Andersen og Hege Søreide
mob: 944 70 170 og 926 12 524
Lagkontakt: Svanhild Spilde
mob: 971 79 709
 
Treningstid i Voss idrettshall: onsdag 17:00-18:00 og fredag 17:00-18:00
Kampar sesongen 2011/2012: Regionsserien Jenter 10-01 (aktivitetsserie)
 
Vegbeskrivelse til Idrettsanlegg i Region Vest.
 
Årsmelding 2011
Då har me hatt ein kjekk og spennande haust med mange kamper og god trening i 2011.
 
Det vart ein litt  "pang-start", med kun to treninger og kamp andre helga i september. Me trudde treningane
beynte i oktober.. Men laget som består av 10 jenter no klarte seg bra, sjølv om dei ikkje vant første kampen.
Derimot vant dei andre kampen mot Askøy på Voss. Så følgde to bortekamper. den første mot Mathopen som enda med eit lite tap og ein kamp mot Apeltun IL der me vant 10-6. Då viste jentene verkeleg at dei hadde lært myke av dei kjekke
trenarene i haust !! Då var det både hoppskudd, "finting" og meire til.. No var jentene i godt gjenge, så dei vant også neste kamp mot Sotra (4-3). Det kjekke var at no hadde dei fleste på laget scora mål. Så var det  eit lite opphald til neste kamp på Voss ,  då vart det eit mindre tap mot Fana. Totalt sett er me alle godt fornøyde med denne aktive hausten og med at me har fått to engasjerte og flinke trenere med oss !
Ellers har det også vore ein del interne kamper mot Gutar -10 og Jenter-11 og to kjekke handballdager i Idrettshallen, der dei fekk trent litt teknikk og kamper på tvers av årsklassene (barnetrinnet).
 
Med handball følger det ein del dugnader og køyring til Bergens regionen, så det vil eg takke alle foreldre masse for at dei har stilt opp på det !! Me gleder oss til neste år med mange nye kamper og to større Cup-er..
 
Mvh
Svanhild Spilde
-lagleiar-

 

2010/2011 - sesongen
I helga som har gått har Rekrutt jenter spelt sin fyrste treningskamp. Veldig flinke og godt jamt spel frå begge laga i sin fyrste kamp.