Arkiv: Jenter 93
Gode både i forsvar og angrep borte mot Bønes
Siger 14-24 (8-13) borte mot Bønes sundag. Solid forsvarsspel, mange fine rush og periodar med glitrande angrepsspel der me rundspelte Bønes.  Me hadde full kontroll heile kampen og hadde sjansar nok til å skåra minst ti mål meir. Ein kjekk kamp der alle utespelarane skåra, og i mål viste Ingrid glimt av storspel, bak eit forsvar som jobba imponerande bra! Med same innsats og speleglede kan det og gå vegen borte mot tabelltopp Fana i siste kampen, tysdag kveld.
Laget (skåringar): Ingrid, Oda (1), Thea (3), Iselin (5), Berit (1), Ingrid Helene (2), Anita (6), Ragnhild (5) og Vilde (1).
21.03.10 Geir Arne
Dei to siste bortekampane 20.03 og 23.03
Lørdag den 20.03 er det kamp mot Bønes i Bøneshallen kl.11.45.
Det blir avreise frå Park kl. 09.00. Lagleiar: Geir Arne
Sjåførar: Geir Arne, Anita og 1-2 bilar frå J 15 ( 10 spelarar)
(Følg Rv553 opp Fjøsangerveien. Kjør rett fram i to rundkjøringer før du tar av til høyre i krysset ved Krambua. Følg Rv556. Ta til høyre ved skilting "Bønes". Følg veien opp og forbi Rikets sal (på venstre side). Ta så til venstre inn Våkleiva som er skiltet til hallen. Ta så til høyre ved Fjellsdalen. Hallen ligger i enden av vegen).
 
Tysdag den 23.03 er det kamp mot Fana 2 i Haukelandshallen, Bane 1 kl. 19.00.
Det blir avreise frå Park kl.16.15
Sjåførar: Hanne, Anita og 1-2 bilar frå J 15. Lagleiar: Bernt
 
Anita 14.03.2010  / Geir Arne 17.03.10
DUGNAD 14.02.2010, Kafe i Voss idrettshall
Hanne, Thea og Anita møter kl 12.15
10.02.2010 Anita
Kampen mot Kringlebotn går ut - vi maktar ikkje stille lag
Kampen sundag 7. februar er ut, og går truleg ein onsdag (17.02. eller etter vinterferien).
02.02.10 Geir Arne
No viser det seg at Regionen ikkje vil godkjenne utsetjing av kampen, sjølv om det er ok for begge lag. Kringlebotn viste stor velvilje og kom med framlegg om onsdagskamp i staden, men grunna brot på 10-dagarsfristen for endring av kamptidspunkt, får me ikkje lov..... Og så lenge ingen frå J15 vil vera med denne dagen pga bortekamp seinare same sundagen, så maktar me ikkje stilla lag. Dermed er kampen tapt.
04.02.10 Geir Arne
 
Periodevis veldig bra, men det heldt berre ein omgang
Det såg lovande ut ette fyrste omgang mot BHK sundag. Etter godt forsvarsspel heile vegen og skikkeleg flyt i aggrepsspelet i siste del av omgangen sto det 10-8 ved pause. Men i andre omgang vart det mykje stanging og feilpasningar i angrep, og BHK sin storskårar herja med forsvaret vårt. Innsatsen var god, men me vart vel litt for trege mot kjappfot-spelarar frå Bergen. Me må nok spela opp mot vårt beste, og halda tempo, heile kampen, for å vinna mot såpass gode lag. Kampen enda 17-22.
Laget sundag (mål):Thea (5), Oda (3), Ingrid (målv 1.), Emilie (målv 2.), Kristine (3) Anita (2), Ingrid Helene (1), Iselin (3), Sigrid og Berit.
17.01.10 Geir Arne
Rauk av Julecupen 2009 på eitt mål!
Voss HK stilte med lag i J16 (93- 94-95 årg) i Julecupen 2009. Med eitt mål til i siste kamp hadde laget vorte nr to i gruppa og gått til semifinalen. Her er kampar og resutlat frå Haukelandshallen laurdag 26. desember:
kl. 17.20 bane 1  Bønes - Voss 10-14
kl. 18.44 bane 2  Voss - Askøy 8-14
kl. 20.36 bane 1  Voss - Bjarg  13-14
Det er to puljer med fire lag, semifinale 29. og finale 30. desember!
Sjekk heile oppsettet her
Laget som var med: Ragnhild, Ingrid Helene, Anja, Iselin, Oda, Ingrid, Thea og Emilie.
27.12.09 Geir Arne
Tapte 26-21 i Landåshallen, etter å ha leia 8-10 ved pause
Kampen borte mot Bergen HK tysdag 15.12. var resultatmesig jamn heilt til det sto att fem minutt, men likevel prega av mange feil og svingande kvalitet, og mot slutten tok kreftene slutt. Uvant glatt bane, mykje støv på golv og ball får ta litt av skulda. Sjølv om innsatsen var god, var dette kampen der nesten ingen hadde dagen... Laget: Thea (4), Oda, Ingrid (7), Emilie (målvakt), Iselin (2), Ragnhild (7), Ingrid Helene (1), Vilde (1) og Berit.
 20.12.09 Geir Arne
 
Toppkampen mot Fana 2 enda 24-24 (14-11)
Foto: Trond Håvard
 
Jentene kjempa og sleit som heltar mot Fana 2 i dag. Thea tok ansvar og viste seg verkeleg fram som storskyttar, med seks straffemål og mange susande langskot. Me leia med 5 mål på det meste, eit par minut ut i 2. omgang, men det røynte på kreftene mot slutten. Dei siste ti minutta var det heilt jamt. Me tok leiinga 24-23 då det var mindre enn halvminuttet att. Synd at det ikkje heldt, men alt i alt skal me vera godt nøgde med uavgjort for dette kunne fort ha rakna.
Laget sundag (mål):Thea (17), Oda (3), Ingrid, Emilie (1), Anita, Ingrid Helene (1), Vilde (1) og Berit (1).
13.12.09 Geir Arne
 
Trening for J15-J16 kl 19-21 onsdag 02.12. (damelaget har bortekamp)
30.11.09 Geir Arne/Erik
Storspelte i forsvar og utklassa Sotra med 6-28 (3-15)
Den eine målvakten vart toppskårar som strekspelar, og den andre stengde målet (redda m.a. to straffe), men fyrst og fremst ein kjempekamp i forsvar av heile laget! Slik kan ein kanskje oppsummera bortekampen mot Sotra. Godt arbeid med kjappe bein, ivrige armar og munnleg støtte til kvarande, gav og gode kontringssjansar framover. Etter ein litt rotete heimekamp sist var det kjekt å sjå at laget fekk det til å fungera, og alle utespelarane kom på skåringslista.
Lag (og mål): Kristin (1), Thea (5), Ingrid (målvakt), Emilie (7), Oda (4), Ragnhild (6), Ingrid Helene (4) og Vilde (1). Me toppar tabellen, men neste kamp er heime mot Fana 13. desember - einaste laget som ikkje har tapt poeng så langt.....
22.11.09 Geir Arne
Klar heimesiger etter litt treg start mot Bønes: 22-17 (8-7)
Kampen mot Bønes vart aldri velspelt, men i andre omgang tok me etter kvart komandoen. Tøffare jobbing i forsvar og større vilje til å setja fart framover gav utteljing. Me fekk mange gode kontringar og større press på motstandar. Flott innsats av alle saman. Og  begge målvaktene våre gjorde ein god jobb i denne kampen!
Lag (og mål): Kristin, Thea (6), Ingrid (målvakt 1. omg), Emilie (målvakt 2. omg), Oda, Berit, Anita (3), Ragnhild (8), Vilde (2), Sigrid, Ingrid Helene (2) og Iselin (1).
15.11.09 Geir Arne
Uavgjort i toppkamp på bortebane - ny storsiger heime
Laurdag vart det ein ny storsiger med 26-14 (14-8) mot Kringlebotn. Då stilte med med heile 12 spelarar. Flott! Sudnag var laget redusert til 9 i bortekampen mot topplaget Gneist, men dei som stilte kjempa seg til eit godt resultat, i alle fal lslik kampen utvikla seg. Me sleit i periodar med å få forsvararbeidet til (= fotarbeidet!), men etter litt svak start på begge omgangar vart det kjempa enormt bra. Me låg under 15-11 tidleg i andre omgang, gjekk så sakte, men sikkert opp og forbi til 21-23, før det glapp litt på slutten. Då var det og tomt for krefter.
Lag (og mål laurdag): Kristin (2), Thea (2), Ingrid (1), Emilie (1, målvakt 1. omg), Oda (4), Berit (2), Anita (1), Ragnhild (9), Vilde (2), Sigrid, Ingvill (1) og Anja (målvakt 2. omg).
Lag (og mål sundag): Thea (10), Ingrid (1), Emilie (1), Oda (3), Berit, Anita (2), Ragnhild (6), Sigrid og Anja (målvakt).
Neste kamp er borte mot BHK tysdag 10.11. kl 18.45 i Landåshallen!
02.11.09 Geir Arne
Seriestart med braksiger 45-13 (23-6) mot Knarvik
J16 sesongopna på heimebane med målfest og mykje bra rush og kontringssspel! Grunna skade og sjukdom stilte me med berre ni spelarar (mål i parentes): Kristin Nestås Mathisen (4), Thea Reime (7), Ingrid Rivenes (3), Oda Aspebakken Sværen (6), Iselin Tho Tønjum (9), Ingrid Helene Kristiansen (3), Anita Ovrid (3), Ragnhild Selje (10) og Emilie Berem (målvakt).
25.10.09 Geir Arne
 
 
Måndagar
vert det felles oppvarming med damene frå kl. 18-19, så eigen trening for J15-J16 19-20.
VEKE 42 (fyrste etter haustferien) vert det felles m damene måndag, og J16-tren onsdag 19-20! NB kampar 24.-25 oktober!!! Meld frå straks om du ikkje kan stilla!
10.09.09 Geir Arne
 J16 sesongopna med 2. plass i Førde Cup
  
Glade jenter frå VHK. Bak f.v: Anita, Sigrid, Oda, Berit, Ibngrid Helene, Ingrid og Thea. Framme f.v: Emilie, Islelin og Ragnhild.
 
J16 vann innleiande pulje med to sigrar og ein uavgjort. Vann semifinalen, men tapte finalen med eitt mål etter ekstraomgangar. Sjekk resultata på cupen si side.
Treningskampar og trening 4.-6. septemberr
Fredag:trening for 15,16 og damer frå 18:00-20:00
Lørdag: kamp for j16 og damer    Voss-Jotun 12:00 ,treningsøkt utpå dagen blir avtalt.
Søndag:kamp for j16 og damer Voss-Kjøkkelvik 14:00
            kamp for j16 og damer Voss-Os 15:30
            kamp for dei som vil sjå Kjøkkelvik-Os 17:00

Bernt
J16 trenar for seg måndag kl. 19-20 (93-94-95 årgang) og nokre onsdagar 19-20.* Desse treningane vil Geir Arne og Erik ha ansvaret for. Begge kjem til å delta på ein del av dei andre fellestreningane og - Erik er på trening onsdagane. (NB neste måndag -07.09.- er det ikkje J16-trening, men felles, og så eigen trening onsd 09.09. 19-20).
*Avtala på trenarmøte med styret 19.08.09
24.08.09  31.08.09 Geir Arne
Sesongstart med cup i Førde
11.09, 12.09 og 13.09.2009 skal J 13, J 15, J 16 og K03 spela turnering i Førde. Me har meldt på lag i J 13, J 16 (med spelarar frå årgangane 93-94-95) og K03. Det er ordna med felles buss. (Asbjørn er som alltid sporty og stiller opp!) Avreisetidspunkt samt annan info vil komma noko seinare.
 
Spørsmålet om trenar/lagleiar for J15 og J16 skal avklarast mellom sportsleg leiar og aktuelle/tidlegare trenarar komande veke. Jentene i årgang 93-94-95 utgjer spelarstallen for j16. Årgang 94-95 spelar j15.
16.08.09 Monica/Geir Arne
Avslutta sesongen med målfest og festmat!!   
Sesongen vart avslutta med stil borte mot Mathopen i dag. Målfesten enda med siger 31-15 (16-5). Stort tempo og mykje bra spel både i forsvar og angrep! Her er laget (skåringar): Bia (7), Kristin (2), Thea (7), Synnøve (4), Oda (4), Iselinn (4), Berit (2), Ingrid (1) og Anja (målvakt 2. omg.)
Gerd (bestemor til Iselinn) spanderte lunsj - koldbord - på Fleischers då laget kom heim!  
Me trenar måndag og onsdag som vanleg siste veka før Påske (ikkje fredag). Spelarmøte måndag 20. april kl. 18 (før trening kl 19). Tenk gjennom kva du/me vil neste sesong? Og kva med trening, cup/treningskampar i vår?  Sjekk tabell under biletet.
29.03.09  Geir Arne
 
 Foto: Anita

Nr

Lag

Kamper

V

U

T

Målforskjell

Poeng

1.

Voss

12

10

0

2

249

-

165

20

2.

Kjøkkelvik

12

10

0

2

308

-

220

20

3.

Mathopen 1

12

7

0

5

248

-

224

14

4.

Bønes

12

6

0

6

197

-

196

12

5.

Lindås * (D)

12

4

0

8

167

-

233

8

6.

Nordre Holsnøy * (D)

12

3

0

9

198

-

251

6

7.

Bjarg 2

12

2

0

10

170

-

248

4

 

 
Kjempekamp mot Kjøkkelvik!  Sjekk dugnad i cupen!!!!
Med stor innsats over heile linja, og spesielt godt spel av Ragnhild og Ingrid, sikra me sigeren i ein kjempespennande kamp. Resultatet vart 22-21 (10-8). Lag (skåringar): Maren, Bia (3), Karianne, Thea (7), Ingrid (målvakt), Synnøve (1), Oda (1), Berit, Anita og Raghild (10).
 
Jublende glade etter siger mot Kjøkkelvik i siste heimekamp - siger i moralsk seriefinale?
22.03.09 Geir Arne
Me heldt ein omgang og tapte 19-13 (9-8) mot Bønes
Bortekampen mot Bønes i dag vart som venta vanskeleg med berre sju spelarar, utan fast målvakt og med eit par halvskadde spelarar.... Men det opna veldig bra. Karianne tok det meste som passerte eit hardtkjemannde forsvar. Alle kjempa som løver så lenge kreftene heldt. Det sto 1-1 ved etter vel 10 minutt og etter 17 minutt leia me 3-5! Laget (skåringar): Thea (7), Aina (3), Karianne, Maren (1), Oda (1), Synnøve (1) og, Berit. Tabellen? Me har enno full kontroll sjølve, og toppar tabellen med siger i dei to siste kampane!!!
15.02.09  Geir Arne
Ikkje J15 kamp sundag 01.02. mot Lindås
- for få som kan vera med når J14 har kamp samtidig... Eg har meldt frå at me ikkje klarer stilla lag. (tre skadde og ein sjuk, og eit par som slit med vonde bein, av ni!). Ingrid, Thea, Oda og Maren blir med J17 på sundag i staden, avreise 14.30 Park. Monica lagleiar.  Neste kamp j15, borte mot Bønes 15.02. - sjekk køyreliste under.
30.01.09 Geir Arne
Trente trekk og vann 16-11 (9-4) mot N. Holsnøy
Kampen mot Nordre Holsnøy vart prega av at me skulle nytta kampen til å trena på nokre angrepsformasjonar - trekk. Det gjekk litt for ofte i stå, men i forsvar vart det til tider spelt strålande, spesielt i fyrste omgang. Som sist slo me Nordre Holsnøy med fem mål til slutt. Laget: Maren, Brita Marie (2), Kristin (3) Karianne (1), Thea (7), Oda (2), Berit (1) og Ingrid (målvakt). No kryssar me fingrane for at me stiller fullt lag i neste bortekamp, mot Lindås på Mongstad sundag 1. februar. Den dagen reiser me rett til Åstveithallen etterpå for å hjelpa J17 i kampen mot Tertnes.
Sjekk køyrelista under!           Toppskårar Thea (biltet)
25.01.09 Geir Arne
 
Knallstart på bra bortekamp mot Bjarg2
Bra start på 2009, og ein skikkeleg  knallstart på kampen: Me leia 0-11 etter 15 minutt. Kampen i dag i Bjarghallen enda 8-26 (4-14). Laget (skåringar): Maren (2), Bia (3), Kristin (1), Aina (5), Thea (5), Oda (6), Ingrid Helene (4) og Ingrid (målvakt).
03.01.09 Geir Arne
 
Skulecup 2009 - måndag 19. januar i Flaktveithallen. Meir info her.
Hugs dugnad måndag 5. januar i Hordaland, kl.16.30!
Karianne+1
Brita marie+1
Maren+1
Synnøve (står over)
Oda
Thea
 
30.12.08 Geir Arne  /  02.01.09 Anita
 
Julecupen 2008 - sjå bilete og resultat her
29.12.08  Geir Arne
Julecupen 2008  kampopsettet finn du her  Meir info her
Me stiller eit lag i J15  (årg 95-93), pulje 3. Innleiande sundag 28.12:
17.33  VHK-Årstad2 8-15
19.00 Bjarg - VHK 11-10
20.34 VHK - Askøy 2  14-6
Dei to beste går til mellomrunde (3 kampar) og event. semifinale 29.12.
Finalen går tysdag 30.12.
 30.12.08  Geir Arne 
 
Flott avslutning av haustsesongen - vann 24-15 mot Bønes
Me toppar tabellen utan poengtap så langt, etter siger i siste kamp før jol.  Heimekampen mot Bønes sundag 14. desember enda 24-15 (16-6). Me leia heile kampen og var oppe i 24-12 før gjestene slapp til litt lettare mot slutten. Alt i alt ein godt gjennomført kamp. Grunna mykje sjukdom, skader og tynt med folk på treningane i det siste, kalla eg inn ektra hjelp frå j14, slik at me kunna stilla med ein solid innbyttarbenk! 

Laget (skåringar): Maren (1), Brita Marie (2), Karianne Kvam, Kristin (2), Aina (3), Thea (9), Ingrid  (målvakt), Synnøve (1), Oda (2), Iselinn (3), Berit og Anita (1).

Toppskårar Thea etter kampen, klar for J17-kampen.

14.12.08 Geir Arne
Kamp tidleg sundag - pizza onsdag - så jolecup
Kampen mot Bønes sundag går kl 12.00 - frammøte 11.15!!! Vonar dei fleste er friske og raske att... Onsdag kl. 16.30 - rett etter trening - går me til Dolly D og et så mykje pizza me orkar! Ein brus er og inkludert. Anita har tinga bord til oss.
Sjekk elles tidspunkt osb for julecupen (under). Neste veke avtalar me reise og opplegg elles.
12.12.08 Geir Arne
 
   Sjå bilete frå Fitjar lenger nede på sida.  Sjekk og terminliste/køyreliste.    
 
Julecupen 2008  kampopsettet finn du her Meir info her
Me stiller eit lag i J15, pulje 3. Innleiande sundag 28.12:
17.33  VHK-Årstad2 bane 1
19.00 Bjarg - VHK bane 3
20.34 VHK - Askøy 2
Dei to beste går til mellomrunde (3 kampar) og event. semifinale 29.12.
Finalen går tysdag 30.12.
Avreise sundag kl. 15.00 ved Park
02.12.08 Geir Arne
Me vann topp-kampen mot Kjøkkelvik 18-23 (6-10)
Før bortekampen mot Kjøkkelvik var det berre to lag utan tap. No er Voss Handballklubb åleine på topp i si pulje i jenter 15 år etter 18-23 (6-10) til Olsvikhallen laurdag. Jentene frå Voss spelte sesongbeste så langt, kjempa godt og leia kampen frå midtveges i fyrste omgang. Thea Reime svingte storslegga skikkeleg i angrep (sjå filmopptak frå kampen t.h.) og bak eit hardtarbeidande forsvar sto Ingrid Rivenes ein solid kamp i mål. Og takk for god hjelp frå J14 sine to!!!!  Laget (skåringar): Kristin (3), Brita Marie  (2),  Thea Reime (9), Ingrid (målvakt), Synnøve (3), Oda (2), Iselin (5) og Berit.
30.11.08 Geir Arne
To bortesigrar - før toppkampen mot Kjøkkelvik
I helga vart det to bortesigrar, etter varierande spel og ein del sjansesløsing... Men topp innsats og ein solid 2. omgang med 20 skåringar mot Fitjar, og mange flotte angrep, særleg sundag, lovar bra før toppmøtet mot Kjøkkelvik neste laurdag i nye Olsvikhallen.
Mot Nordre Holsnøy laurdag vart det 15-20 (8-13): Maren, Karianne (ein omg. målvakt) , Kristin (1), Aina (6), Thea (5), Ingrid (2 - ein omg  målvakt), Synnøve (2), Oda (1) og Iselin (2).
Mot Fitjar sundag vart det 16-33 (9-13): Maren, Karianne (2) , Bia (3), Aina (6 ), Thea (5 - 2. omg målvakt), Ingrid (6 - fyrste omg  målvakt), Synnøve (4), Oda (7)
23.11.08 Geir Arne  (bilete kjem!)
 
Maren (og Hilde)sine bilete frå kampen her
 
 
 
Jubel etter eit god 2. omgang mot Fitjar.
 
Foto: Geir Arne
 
 
Prøveordning:
 Trening med J17 fredagar kl 15-17 (jenter 94-95 trener for seg 15-16)
28.10.08 Geir Arne (Kari og Monica)
 
 NB sjekk køyreliste dugnad m.m. nede på sida.  Tre bortekampar snart!!!
 Avreistidspunkta er no på plass
12.11.08 Geir Arne
Flott heimesiger i toppkamp!
 
Gratulerer med topp innsats og flott heimesiger mot Mathopen sundag! Jamnt og spennande heile vegen, 10-11 ved pause og 23-23 når det sto att fem minutt. Med god trening vidare framover skal me kunna by alle lag godt motstand vidare utover vinteren!
Laget 26.10.08 (skåringar): Maren (1), Birta Marie (2), Karianne, Aina (4), Thea (9), Synnøve (3), Oda, Iselin (5), Berit og Ragnhild (1).
 
I mål sto Ingrid (her i J17-kamp seinare same dag)
Foto: Geir Arne 
 
 NB sjekk køyreliste dugnad m.m. nede på sida. 
 
26.10.08 Geir Arne
 
 
 
 
Jolecup i Haukelandshallen? Vil du vera med? Monica skal melda på lag - me må gje tilbakemelding måndag 27.10.
 
 Ny klubbdress? Thea har alt prøvd...
( Prisliste med mail/tlf for tinging er lagt ut på vosshk.no / Siste nytt)
 
    Sjekk dugnad- og køyreliste under.     
 
 Meld frå om event. byte til Anita/Geir Arne. NB 23.09. kan me ikkje få hjelp av J94 pga eigen heimekamp når me skal til Fitjar!
 
19.10.08 / 22.10.08 Geir Arne
 
Opna svakt, men vann klart sundag, og klarare måndag
 Måndag fekk og bortelagetr skåra eit par mål før me kom i gang... Men mot Bjarg2 vart det full overkøyring og 24-4 etter 12-3 ved pause. Me stilte med 7 frå 93- og 5 frå 94-årgangen. No vonar me på stabilt treningsframmøte framover, slik at me held trykket og aukar kvaliteten fram til me møter skarpare motstand. Mathopen neste!! (26.10.)
Laget måndag 13.10.08: Maren (2), Brita Marie, Karianne, Kristin (1), Aina (8), Thea (3), Oda (4), Iselin (3), Berit (2), Ingrid Helene (1), Anita og Anja (målvakt).  Tabell mm
13.10.08 Geir Arne
 
Etter litt famlande opning på fyrste seriekampen byrja både forvar og angrep å fungera bra. Lindås leia dei fyrste 20 minutta, men så takka me for følgjet.... Kampen enda 24-15 (10-8) eter 2x25 minutt. Laget (skåringar): Maren (3), Brita Marie (1), Karianne (1), Kristin (1), Aina (5), Thea (3), Oda (3), Iselin (5), Berit, og Ingrid Helene (2).
I morgon er det ny heimekamp, mot Bjarg2. Frammøte kl. 18.15
12.10.08 Geir Arne
Fyrst to heimekampar: Lindås 12. og Bjarg 13. oktober
Sundag 12. (kl 13.00 - FRAMMØTE 12.15) møter me Lindås og måndag 13. (kl 19.00 - FRAMMØTE 18.15)  møter me Bjarg 2 - begge kampane i Voss idr.hall! No vonar eg alle får trent og jobba bra fram til det brakar laus. Sjekk kampar og resultat under sida Resultat/tabell.  Sjekk og Linkar - sjå OL-finalen!!!  Ikkje på trening??? Tren "Rullespill" på nettet her!!!
21.09.08     08.10.08 Geir Arne
Fantastisk sesongstart på OTTA!!!!            Gratulerer!
Det vart ein velluka tur til Otta 12.-14.09. Jentene sleit litt i starten, men kjempa godt og spelte tidvis fantastisk bra i forsvar. Mot Otta sat og pasningar og kontringsspel. Vikarane på benken, Anita og Marianne, gjorde ein kjempejobb med jentene.
 
 
Det opna med 6-6 mot Nordbygda (Løten), så 15-3 mot Folldal (Tynset), 13-3 mot Otta, og så 9-7 mot Nordbygda i finalen. Vandrepokal, pokal og kr. 1000,- i premie!!
 
Jublande jenter med premiane.
Foto: Marianne
 
NB ikkje trening to siste fredagane før haustferien, pga arrangement i hallen.
Treningsframmøtet så langt.... Det byrja med 9 på fyrste treninga 18. august. Av ulike grunnar har treningsframmøtet deretter vore: 6-6-8-8-4-4-5-6-6-8-6!
14.09.08 Geir Arne  17.09.08 ga
Velkomen tilbake på trening! Cup på Otta 12.-14.09.
Me er i gang, og har 9 spelarar i stallen! Flott innsats så langt. Og nå blir 8 med til Otta 12.-14. september. Me reiser straks etter skulen er slutt fredagen (5 timar køyring!) - men meir info kjem me tilbake til. Viktig no: Alle tek med kr. 500,- til deltakarkort onsdag (må betalast inn seinast 30.08.)   Betal inn kr. 500,- på min konto:  3480.10.34944 - hugs spelar sitt namn!- så betalar eg inn for alle på fredag.
Hugs og å betala lisensen! Mled frå om den ikkje er komen i posten i løpet av komande veke.
Seriestart er utsett - blir truleg på treningstid før haustferien. Sjekk terminlister under Resultat/tabell. 
14.08.08 / 27.08.08  Geir Arne
Tabelltopp for andre sesong på rad
Flott avslutning på serien med 18-9 (8-7) heime mot Sund. Dermed vart det tabelltopp til slutt i år og! Desse var med: Maren (4), Marie BG, Marie H, Brita Marie (1), Karianne (1), Kristin (5), Aina (4) og Thea (3). Thea og Karianne sto kvar sin omgang i mål.
No trenar me som før fram mot cupen 25.-27. april. Det vert sjølvsagt felles trening vidare fram til sommarferien - kanskje med treningskamp/-tur til Sogn?
06.04.08 Geir Arne
 
        VOSS HANDBALL CUP 2008 - KAMPAR OG DUGNADSLISTER - SJÅ LENGER NEDE PÅ SIDA        
Gratulerer - kjempeiinnsats og heimesiger mot Kjøkkelvik
Etter tap 15-13 borte mot Kjøkkelvik smakte det godt med ein flott heimesiger og til tider overkøyring. Det enda 19-13, etter 9-6 ved pause. På det meste leia me 17-10!
Desse var med: Maren (2),Marie BG, Marie H, Brita Marie (1), Karianne, Kristin, Aina (8), Teha (2), Ingrid (3), Oda (3) og Malin (kjempekamp i mål).Voss HK toppar tabellen når ein kamp står att, men grunna reglane om at resultata til lag med spelarar på dispensasjon vert strokne (Nordre- Holsnøy), så vert Mathopen puljevinnar. Mathopen har tapt for dette laget, som dei og har att å spela returkampen mot. Den kampen har ingen verdi med tanke på tabell og plassering.....
Uansett - me vert det laget som toppar tabellen med alle kampar teljande, dersom me slår Sund i siste kampen! Og så er det cup på heimebane 25.-27. april.
12.03.08 Geir Arne
Flott bortesiger på Askøy - "finale" på onsdag
Det vart ein flott bortesiger med 13-17 mot Askøy laurdag. Desse spelte: Malin, Maren (3), Thea (2), Aina (7), Brita Marie (2), Karianne (1), Kristin (1), Ingrid (1), Marie BG og Marie H. 
Dermed er det duka for seriefinale mot Kjøkkelvik i Voss idrettshall onsdag kl. 19.00  Frammøte 18.15 - laget tek me ut måndag 10.03.  (NB ikkje trening kl. 15 onsdag)
09.03.08  Geir Arne
Tap og siger på bortebane

Me spelte to bortekampar laurdag 2. februar.  Det enda med siger 12-13 (6-4) mot Tertnes 2 og tap 16-15 (4-8) mot Mathopen 3. I den siste kampen leiar me me10-15 då det sto att fem minutt.

Spelet i begge kampane varierte frå glimrande til fomlande.... Relativt lite trening ein periode med sjukdom,skader osb. får ta litt av skulda. Positivt at såpas mange teiknar seg på skåringslista ,og ikkje minst: lovande "comeback" av fleire!!! Forsatt har me kontroll sjølve, dersom me vinn resten av kampane.....
Desse spelte kampane laurdag (skåringar i parentes): Eirin Bakketun (2), Maren Børve (4), Marie B Gjernes, Marie Haukeland (3), Karianne Kvam (1), Kristin Nestås Mathisen (2), Aina Åhlund Reime (2), Thea Reime (4), Oda Aspebakken Sværen (2), Iselinn Tho Tønjum (7) og Malin Stana (målvakt).
03.02.08  Geir Arne
14 - 14 (7-9) borte mot Odda - dobbel bortekamp laurdag!
Det vart jamt og spennande i obrtekampen mot Odda sundag 27.01. Me leiar 7-9 ved pause, men det enda 14-14. Litt prega av manglande trening, sjukdom og skadefråver siste tida. Desse spelte:
Maren (3), Marie BG, Marie, Karianne, Kristin (3), Aina (2), Thea (4),  Oda (1) og Malin - sistnemnde gjorde eit fint "comeback" i mål!  Hardange Folkeblad var der og laga sak på kampen - sjå her.
 
 Neste helg er det to bortekampar laurdag:
02.02.2008 1235 Tertnes 2- Voss
02.02.2008 1600 Mathopen 3- Voss
Avreise kl. 10.00 Park. Foreldra til Marie H, Malin og Thea køyrer.
28.01.08  /  30.01.08 Geir Arne 

God start på vårsongen

Med 24-11 (13-5) heime mot Nordre Holsnøy fekk me ein god start på vårsesongen. Mykje bra i angrep, med gode finter og langskot. Med meir presisjon og fart i rushfasen og endå betre fotarbeid i forsvar, så vert dette heilt topp. Då blir me vanskelege å ta.... Neste kamp er borte mot Odda, i fjellhallen 27. januar!
Desse var med mot N. Holsnøy: Maren (3), Marie BG, Brita Marie (4), Karianne (1), Kristin, Aina (6), Thea (7), Ingrid (1) og Oda (2).  NB - sjekk terminlista/resten av kampane lenger nede på sida.
06.01.08 Geir Arne
 Vidare i Julecupen 2008!!!
27.12.  kl. 13.23  Bønes - VHK  6-9
27.12.  kl. 15.28   VHK - Bjarg  3-1                   GODT NYTT ÅR til alle saman!
27.12.  kl. 18.06  VHK - Bjørnar  11-7
29.12   kl. 09.10  Askøy - VHK  11-3
29.12.  kl. 11.06  VHK - Salhus  6-12
29.12.  kl. 12.49  VHK - Fana  2-9
Me vann altså gruppa vår i innleiande runde og spelte mellomrunde. Dei to beste frå kvar mellomrunde gjekk til finale 30.12.  (Salhus og Fana frå vår gr).
Alle kampar i Haukelandshallen. Sjekk sluttspel på linken over, og meir info på BHK sine sider
Avreise laurdag 29. kl. 07.00 ved Park!
 
Me startar opp att onsdag 2. januar 15.00. Noter deg elles kampane for våren (lenger nede på sida) og hugs cupen vår 25.-27. april! (Sjå cupsida)
28.11.07 Geir Arne   29.12.07 Geir Arne
Spennande Joleavslutning for J12-J13-J14 samla
Onsdag 19.12. vart det spelt ei mini-turninering med tre samansette lag frå J12-13-14, med kampar frå kl. 15-17 og laga heitte: OLE, DOLE OG DOFFEN!
Ole- Dole 1-6, Dole-Doffen 6-9, Doffen-Ole 5-9, Ole-Dole 4-7, Dole-Doffen 8-2 og Doffen-Ole 15-1. Vinnaren vart Dole! 
 
Dole 26-16 6 poeng
Doffen 21-24 4 poeng
Ole 15-23 2 poeng
Takk for innsatsen!  - og god jol til alle. Fyrste trening 2008: onsdag 2. januar!
14.12.07 Geir Arne

Resten av kampane i serien:

06.01.2008 1450 Voss- Nordre Holsnøy *
27.01.2008 1300 Odda- Voss
02.02.2008 1235 Tertnes 2- Voss
02.02.2008 1600 Mathopen 3- Voss
08.03.2008 1510 Askøy 2- Voss
12.03.2008 1900 Voss- Kjøkkelvik
06.04.2008 1355 Voss- Sund
25.11.07 Geir Arne   04.12.07 Geir Arne (Mathopen sin kamp flytta fram)  siste endring 22.12.07 ga
Tap i jamt toppoppgjer, og storsiger mot botnlaget
Det vart resultatet J14 år spela to seriekampar på bortebane laurdag 24. november.
Fyrst vart det siger 21-9 (12-4) mot Sund på Sotra. Deretter tap 13-15 (7-7) mot Kjøkkelvik i Olsvikhallen. Laget (med skåringar i parentes): Marie Bu Gjerness (1), Marie Haukeland (1), Brita Marie Egdetveit Karlsen (6),  Karianne Kvam (1), Kristin Nestås Mathisen, Aina Åhlund Reime (9), Thea Reime (1), Ingrid Rivenes, Oda Aspebakken Sværen (2), Iselinn Tho Tønjum (9), og Berit Ringheim Svane (2). Karianne sto i mål ifyrste kampen og Ingrid i andre - begge gjorde sine saker veldig bra.
Med betre utteljing på elles godt angrepsspel, ville me og ha "banka" Kjøkkelvik.  Med jamn og god trening framover kan me stabilisera oss på det nivået me må for å revansjera oss mot Kjøkkelvik, kanskje alt i jolecupen. Me skal truleg spela 28. eller 29. desember (finalar 30.!!!). Sjekk BHK sine sider.
24.11.07 Geir Arne
Treningstips:  Hoppskot med rørsle mot venstre. Skot eller innspel. Sjekk samarbeidet mellom Katja og streken her. Du kan og sjå på fleire treningstips og videosnuttar på NHF sine fagsider. Mykje å lære....
22.10.07 Geir Arne

Tabelltopp etter fire strake sigrar Foreldremøte 29.10.

Denne helga vart det bortesiger laurdag mot N.Holsnøy med 16-9 (5-4). Dei som var med: Marie BG, Brita Marie (1), Karianne, Kristin (1), Aina (6), Thea (4) Ingrid (4), Heidrun og Anita. Dei to siste på lån frå j13!
Sundag vart det heimesiger mot Tertnes 2 med 19-10 (11-5). Dei som var med: Maren (1), Marie BG, Marie H, Brita Marie, Karianne, Kristin (7), Aina (6), Thea (1), Ingrid (4) og Ida. Og då ser tabellen slik ut:
 
Nr
Lag Kamper V U T Målforskjell Poeng
Voss  74 - 42
Askøy 2  42 - 29
Tertnes 2  35 - 36
Mathopen 3  33 - 35
Odda  30 - 48
Kjøkkelvik  20 - 26
Nordre Holsnøy *  26 - 35
Sund  8 - 17
  Øygard  Trukket 
  Åsane 2  Trukket
Flotte resultat så langt i serien. NB Kjøkkelvik tapte for Mathopen i helga. Vår neste kamp er heime mot Askøy 2 - heimekamp 11. november! 
Foreldremøte kl 20.00 - rett etter trening måndag 29.10.
Saker: Sesongen vidare, dugnad, køyring, cupdeltaking osb.
16.10.07 Geir Arne
 
Nokre bilete frå heimekampen mot Tertnes 2       Fotograf: Oda AS
 
Flott seriestart på heimebane: 22-10 (12-6) mot Odda,
og bra avslutning mot Mathopen 3: 17-13 (8-8)
I andre seriekamp, mot Mathopen 3 vart det altså meir spennande. Etter ei svak start på kampen og 2-7 etter 12 minutt, vart det 8-8 til pause. Med fortsatt god innsats i andre omgang sto det 17-13 til slutt.
Spelarane (skåring i parentes): Marie H (1), Brita Marie (1), Karianne (målvakt), Aina (8), Thea (3), Synnøve, Oda (1), Heidrun* (1), Ragnhild* (1), Ingrid, Kristin (1) og Ida (målvakt).  *Grunna skader og sjukdom lånte me også no to frå J13.  Neste trening samla: måndag 08.10. - to kampar helga etter!!!
26.09.07 Geir Arne
 
Serieopninga mot Odda vart aldri spennande. Heimelaget var klart best og skåra jamt og trutt. Forsvarsjobbinga var ujamn, men til tider veldig bra. Spelarane (skåring i parentes): Marie BG, Marie H (2), Brita Marie (3), Karianne (1), Aina (6), Thea (3), Synnøve, Oda (1), Iselinn* (5), Berit* (1), Ingrid (målvakt) og Ida (målvakt).  *Grunna skader og sjukdom lånte me to frå J13. 16.09.07 Geir Arne
 
 
Årdal Cup 07:
 
Heia Voss!
 
Bak frå venstre:
Ida, Marie BG, Marie H,
Aina, Bia og Thea.
Framme frå venstre:
Synnnøve, Maren, Ingrid, Oda og Karianne.
Foto: Geir Arne
Eit jublande J14-lag i Øvre Årdal sundag 02.09.07. Voss HK vann cupen både i klasse J13 og J14. J14-laget starta med 12-2 mot ÅTIL og 8-2 mot Jotun II på laurdag. Sundag vart det fyrst 7-7 mot Bjørn før Jotun I vart sett på plass med 5-2. Meir info og resultat finn du her (ÅTIL) og her (Jotun).
 
J14 i siste kamp - "finalen" mot Jotun I sundag. Ida stoppa langskotet!
Endringar i terminlista
1) To lag frå vår pulje har trekt seg: Åsane 2 og Øygard. Dei fire kampane mot desse laga går ut: borte 13.10. (vert ein kamp den dagen) og heime 28.10., borte 02.02. og heime 03.02.
2) Kampen mot Mathopen 02.12. er flytta til onsdag 26.09. kl 19.00  (positivt!)
06.09.07  Geir Arne
Velkomen til ny sesong!
Me starat med trening i hallen måndag kl. 19.00. Vonar alle er med for fullt frå start. Om knapt to veker skal me til Årdal Cup - me reiser fredag 31. Fyrste heimekamp vert sundag 16. september kl. 16.35.Terminlsita finn du elles ved å klikka deg inn på Resultat/tabell eller Linkar. NB - Åsane 2 har trekt laget, så me får to kampar mindre enn det som står, og mister deneine av to kampar borte 13. oktober.
Kom gjerne med info og tips til innhald på vår side og elles på vosshk.no!!!!
19.08.07 Geir Arne
Velukka handballskule i Meråker
 
 
Her er "pulje 2" frå Voss HK i Meråker sommaren 2007. I alt hadde klubben 11 jenter med på handballskkulen i Meråker - sjekk www.merakt.no  Foto: Geir Arne
2. plass i sonesluttspelet - Framohallen 15.04.07
 
Laget som spelte sonesluttspel i Framohallen 15.04.07. Det vart ein flott 2. plass etter siger mot Gneist og Kjøkkelvik og tap for Årstad. Foto: Marianne Sværen